Branscombbreen
Branscombbreen er ein isbre i Antarktis, 9,5 km lang, som flyt vest frå nordvestsida av Vinson Massif (det høgaste punktet i Antarktis) ut i Nimitzbreen i Sentinel Range i Ellsworth Mountains. Den øvre delen av breen får is frå både Goodge Col og Jacobsen Valley, medan sidebreen Rochébreen flyt saman med Branscombbreen like nordvest for Príncipe de Asturias Peak.
Branscombbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ellsworth Land | ||
- koordinatar | 78°32′S 86°05′W / 78.533°S 86.083°W | ||
Lengd | 9,5 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Branscombbreen 78°32′00″S 86°05′00″W / 78.533333333333°S 86.083333333333°W | |||
Isbreen vart kartlagt av USGS frå landmålingar og USN flyfoto mellom 1957 og 1960. Han vart namngjeven av US-ACAN etter Lewis M. Branscomb, styreleiar i National Science Board frå 1982 til 1984.