Príncipe de Asturias Peak
Príncipe de Asturias Peak er eit fjell med ei høgd opp mot 4680 moh i Vinson Massif i Sentinel Range i Ellsworth Mountains i Antarktis. Det ligg oppom Branscombbreen i vest-nordvest, Rochébreen i nord og Tulaczykbreen i sørvest.
Príncipe de Asturias Peak | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Sentinel Range | ||
Topp | Ellsworth Land | ||
• høgd | 4 680 moh. | ||
- koordinatar | 78°32′50″S 85°42′32″W / 78.54722°S 85.70889°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Príncipe de Asturias Peak 78°32′50″S 85°42′32″W / 78.5472°S 85.7089°W | |||
Fjellet er kalla opp etter fyrsten av Asturias i samband med at fjellet først vart klatra av spanjolane Manuel Álvarez og Alfonso Juez den 23. januar 1995.
Príncipe de Asturias Peak ligg 3,32 km sørvest for toppen av Mount Vinson (4892 moh), 1,32 km vest for Silverstein Peak (4790 moh), 5,1 km nordaust for Brichebor Peak (2900 moh), 7,68 km søraust for Knutzen Peak (3373 moh) og 3,64 km sør for Branscomb Peak (4520 moh).
Kjelder
endre- Bulgarsk antarktisk stadnamnregister. Antarctic Place-names Commission. (detaljar på bulgarsk, grunnleggande data in English)
- SCAR Composite Gazetteer of Antarctica.