Bransfieldsundet
Bransfieldsundet er eit sund kring 110 km breitt og 370 km langt frå nordaust til sørvest mellom Sør-Shetlandsøyane og Den antarktiske halvøya. Det vart namngjeven kring 1825 av James Weddell, som var kaptein i Royal Navy, etter Edward Bransfield, som òg var kaptein i Royal Navy og som kartla Sør-Shetlandsøyane i 1820. Det vert kalla Mar de la Flota av Argentina.
Bransfieldsundet | |||
sund | |||
Sundet frå Livingston Island.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 61°30′S 54°0′W / 61.500°S 54.000°W | ||
Lengd | 370 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Bransfieldsundet 63°S 59°W / 63°S 59°W | |||
Wikimedia Commons: Bransfield Strait |
Ei undersjøisk kløft går gjennom sundet og vert kalla Bransfield Trough. Heile bassenget er kring 400 km lang og ned mot 2000 meter djupt, mellom bogen i Sør-Shetlandsøyane og Den antarktiske halvøya. Kløfta vart danna kring fire millionar år sidan.[1] Denne riftinga har ført til jordskjelv og vulkanisme langs Bransfieldsundet. Det ligg fleire undersjøisk fjell i sundet med vulkansk opphav, mellom anna den inaktive Orca Seamount.[2]
23. november 2007 gjekk MS «Explorer» på eit isfjell og sokk i Bransfieldsundet. Alle dei 154 passasjerane ombord vart redda og det vart ikkje rapportert om personskadar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bransfield Strait» frå Wikipedia på engelsk, den 8. januar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Bransfield Strait» (innhald frå Geographic Names Information System).
- ↑ Yi, S., Batten, D. J., Lee, S. J. (21 Nov 2005). Provenance of recycled palynomorph assemblages recovered frå surficial glaciomarine sediments in Bransfieldsundet, offshore Den Antarctic Peninsula. Cretatous Research, 26, 906-919
- ↑ Hatzky, Jörn (2005): The Orca Seamount Region i Antarktis (Sect. 5.5.2). In: Peter C. Wille (ed.), Sound Images av Ocean in Research and Monitoring, Springer-Verlag Berlin.