Braunsteffer Lake
Braunsteffer Lake er ein innsjø i Princess Elizabeth Land i Antarktis. Han er 1 km lang og ligg kring 2 km vest for den sentrale delen av Lake Zvezda i Vestfold Hills. Innsjøen vart fotografert frå lufta av U.S. Navy Operasjon Highjump (1946–47) og vart kartlagt frå flyfoto under Den sovjetiske antarktisekspedisjonen (1956) og Australian National Antarctic Research Expeditions (1957–58). Han vart namngjeven av Australian Antarctic Names and Medals Committee etter Claude Braunsteffer (1933-2011), ein vêrobservatør ved Davis-stasjonen i 1959, som forska på innsjøane i Vestfold Hills.[1]
Braunsteffer Lake | |||
innsjø | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Princess Elizabeth Land | ||
- koordinatar | 68°32′S 78°22′E / 68.533°S 78.367°E | ||
Lengd | 1 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Braunsteffer Lake 68°32′00″S 78°22′00″E / 68.5333°S 78.3667°E | |||
Kjelder
endre- ↑ «Braunsteffer Lake». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 14. mars 2013.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Braunsteffer Lake» (innhald frå Geographic Names Information System).