Bream Head er eit klippeframspring på austkysten av NorthlandNordøyaNew Zealand. Det ligg i enden på ei 30 km lang halvøy som stikk ut i Stillehavet sørvest for Whangarei. Øygruppa Hen and Chicken Islands ligg 12 km utanfor.

Bream Head
halvøy
Land  New Zealand
Kart
Bream Head
35°51′12″S 174°35′19″E / 35.85334°S 174.588629°E / -35.85334; 174.588629
Wikimedia Commons: Bream Head
Bream Head i Northland

Bream Head, som utgjer ei framståande klippe, 490 m høg, er restane av ein vulkan frå miocentida. Klippa dannar den nordlege utstrekkinga til Bream Bay, og vaktar innløpet til Whangarei Harbour, ei naturleg hamn som går innover mot nordvest. OljeraffinerietMarsden Point ligg på motsett side av hamna, fem km mot vest.

Like nord for Bream Head ligg ei lang sandstrand som heiter Ocean Beach.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.