Bregagliafjella
Bregagliafjella er ei fjellkjede av granitt i Graubünden i Sveits og Sondrio i Italia. Ho har fått namn etter den italienske dalen Val Bregaglia (tysk Bergell). Andre namn på fjellgruppa er Val Masino-Alpane og Masino-Bregaglia-Disgrazia, som er hovudryggen. Vicosoprano (1 067 m) er den største busetnaden i den sveitsiske delen av fjella.
Bregagliafjella | |||
Fjellkjede | |||
Utsyn over landsbyen Soglio (i framgrunnen) til toppane i det vestlege Bregaglia – Sciora (venstre), Piz Cengalo (venstre for midten) og Piz Badile (midten)
| |||
Land | Italia, Sveits | ||
---|---|---|---|
Regionar | Graubünden, Lombardia | ||
Del av | Alpane | ||
Høgaste punkt | Monte Disgrazia | ||
• høgd | 3 678 moh. | ||
- koordinatar | 46°16′09″N 9°44′57″E / 46.26917°N 9.74917°E | ||
Bregagliafjella 46°18′N 9°43′E / 46.3°N 9.71°E |
Fjellkjeda er eit populært område for fjellklatring og inneheld toppar som Monte Disgrazia, Piz Cengalo og Piz Badile.
Ei kabelvogn går frå Pranzaira til Albignasjøen og Albignahytta (2 331 m) ligg 30-45 minutta til fots frå endestasjonen.
Fjelltoppar
endreFjelltoppar | Høgd (m) |
---|---|
Monte Disgrazia | 3 678 |
Cima di Rosso | 3 369 |
Piz Cengalo | 3 367 |
Monte Sissone | 3 330 |
Piz Badile | 3 308 |
Sciora di Dentro | 3 275 |
Pizzo del Ferro Occidentale | 3 267 |
Punta Pioda di Sciora | 3 238 |
Pizzi Gemmelli | 3 223 |
Ago di Sciora | 3 205 |
Monte di Zocca | 3 175 |
Piz Badilet | 3 171 |
Sciora di Fuori | 3 169 |
Piz Cacciabella | 2 980 |
Torre Innominata | 2 969 |
Piz Trubinasca | 2 918 |
Monte Spluga | 2 841 |
Brear
endreStørste isbrear :
Galleri
endre-
Piz Badile oppfor Val Bondasca
-
Piz Badile frå sør
-
Fornobreen
-
Forno hytte
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endre- Bregaglia på SummitPost
- Turistinformasjon Arkivert 2006-12-16 ved Wayback Machine.
- Reiseskildring frå Via Bregaglia Arkivert 2016-09-21 ved Wayback Machine.
- Panorama av Bregaglia Arkivert 2007-01-28 ved Wayback Machine.
Kjelde
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Bregaglia Range frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta: