Breheimsenteret
61°39′5.2704″N 7°16′33.431″E / 61.651464000°N 7.27595306°E
Breheimsenteret er eit informasjonssenter for Jostedalsbreen nasjonalpark, som ligg i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane, tett ved Nigardsbreen som er rekna som den lettast tilgjengelege breen i Noreg.
Senteret opna i 1993. Det informerer om natur- og kulturhistorie gjennom ulike utstillingar, i samarbeid med Universitetet i Bergen, Historisk Museum, NVE, Statkraft, og lokale krefter. Bygget er teikna av Arkitektkontoret 38 A/S i Sogndal, ved arkitekt Rolf Sande.
Senteret har kafeteria og klatrevegg for born, og er ope for publikum i perioden 1. mai – 1. oktober.
Breheimsenteret brann ned til grunnen om kvelden 28. juli 2011. Brannårsaka er førebels ukjend.[1][2] Senteret blei bygd opp att og stod klart i mai 2013.
Kjelder
endre«Breheimsenteret» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.7734027
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 3. april 2012, henta 21. oktober 2011
Bakgrunnsstoff
endre- jostedal.com
- Breheimsenteret Arkivert 2011-07-24 ved Wayback Machine.
- Blåe tonar under breen
- «Breheimsenteret totalskadd i brann» (NRK Sogn og Fjordane)