Breimyra skole

Koordinatar: 60°27′32″N 5°22′1″E

Breimyra ungdomsskole er ein ungdomsskuleFlaktveit i Åsane i Bergen. Skulen har plass til om lag 300 elevar fordelt på 10 klassar i tre trinn (8.-10. klasse). Skulebygget er i privat eige og vert leigd av Bergen kommune. Elevane kjem frå barneskulane Flaktveit skole og Li skole.

Breimyra skole
SkuletypeUngdomsskule
Grunnlagd1998
FylkeHordaland
KommuneBergen
AdresseBreimyra 68 B
5134 Flaktveit
RektorCharlotte Corneliussen
Klasser10
Elevar258
Tilsette32
Nettstadwww.bergensskolen.no/breimyra/

Breimyra skole
60°27′32″ N 5°22′2″ E

Rektor ved skulen er Charlotte Corneliussen.

NærmiljøEndra

Breimyra ungdomsskole ligg i Åsane. Skulen ligg på toppen av Flaktveit nært Flaktveit stadion. Breimyra ligg 110 meter over havet.

KlassarEndra

Skuleåret 2011-2012 er det ti klassar på Breimyra. Det er tre parallellar på 8. og 9. trinn, og fire klassar på 10. trinn.

TilsetteEndra

Til saman er det 27 årsverk ved skulen, fordelt på 32 tilsette. I forhold til då skulen starta er dette ei stor auke i tilsette. Då var det berre tolv tilsette, fordelt på ti lærarar, ein rektor og ein inspektør. På den tida var det berre eit sjuande trinn og eit åtande trinn med elevar.

ByggeigarEndra

Breimyra skole vart bygd av Sognnes Bygg AS, og blir leigd ut frå Sognnes Eiendom til Bergen kommune. Kommunen betalar ein fast pris kvar månad til Sognnes Gruppen.

BakgrunnsstoffEndra