Flaktveit skole er ein barneskule på Flakveit i Åsane i Bergen kommune. Skulen vart grunnlagt i 1985 og bygd i etappar fram til 1991.[1] Han har plass til om lag 400 elevar. Det er sju trinn, fyrste klasse til sjuande klasse. Dei fleste trinna har tre klassar, delt inn i A, B og C.

Flaktveit skole
Grunnlagd1985
Region/fylkeHordaland
KommuneBergen kommune
StadÅsane
AdresseFlaktveitsvingane 17
5134 Flaktveit
RektorDaniel Ødegård
Klasser19
Elevar400
Tilsette50
Lærarar31 (ukjend) Endre på Wikidata
Nettstadhttps://www.bergen.kommune.no/omkommunen/avdelinger/skoler/flaktveit-skole
Kart
Flaktveit skole
60°27′51″N 5°21′32″E / 60.464115°N 5.35897306°E / 60.464115; 5.35897306

Den noverande rektoren heiter Einar Skintveit (2015), og det er om lag 50 tilsette i heil- og deltidsstillingar. Sjølve skulebygget tilhøyrer byrådsavdelinga for barnehage og skule.

Mennesket i samhandling og vekst endre

Skulen har hovudfokus på utdanning for berekraftig utvikling og lesing. Mottoet deira er «Menneske i samhandling og vekst». Flaktveit skule vart den fyrste skulen i Bergen som byrja med avfallssortering.[1] I 2008 fekk skulen status som «grøn skule» av Foundation for Environmental Education (FEE)[1] og blei tildelt Hordaland fylkeskommunes miljøpris.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Flaktveit skole», Bergen byleksikon. Vitja 23. april 2015.
  2. «Om Flaktveit skole», bergen.kommune.no. Vitja 23. april 2015.

Bakgrunnsstoff endre