Breistein-Valestrandsfossen

ferjesamband i Hordaland

60°29′51″N 5°24′37″E / 60.49750°N 5.41028°E / 60.49750; 5.41028

Valestrandsfossen

Breistein-Valestrandsfossen er eit ferjesambandriksveg 567 mellom ValestrandsfossenOsterøy og Breistein i Åsane i Bergen kommune. Ruta vart starta opp i 1932, og har vore i kontinuerleg drift sidan då. Ferjesambandet vert i dag drive av Osterøy Ferjeselskap med M/F «Ole Bull».

Ruta vart starta opp av av brørne Leif og Karl Håland og vart bilførande i 1934. I dei første 30 åra gjekk enkelte ruteturar innom Ytre Arna, men desse turane fall ut ved årsskiftet 1964-1965. Karl Håland, som dreiv ruta åleine etter at broren døydde i 1963, fekk tidleg på 1970-talet stadig sterkare press frå vegmyndigheitene om å gje frå seg ferjerutekonsesjonen. Det var det nye ferjeselskapet Bergen Nordhordland Rutelag som i staden var tiltenkt konsesjonen.[1] Det selskapet var ei samanslåing av Bergen Nordhordland Trafikklag og Indre Nordhordland Dampbåtlag. BNR tok over drifta av ferjesambandet i 1975.

Sidan 3. oktober 1997 er sambandet vorte drive i konkurranse med Osterøybrua lenger inne i Sørfjorden. BNR fortsette å drive ruta utan statlege subside. Som følgje av manglande inntening, varsla HSD Sjø kort tid etter at de tok over ruta i 2002, at dei ønskte å innstille sambandet. Gjennom aksjeselskapet Osterøy Ferjeselskap, tok ostringane sjølv over drifta av sambandet 1. mai 2004.

Referansar endre

  1. Viggo Nonås: Bil, fira vaksne og sju ungar, Kapabel 2008, s. 35-39 og 112