Osterøybrua, under prosjekteringa kalla Kvisti bru, er ei hengebru mellom Kvisti i Osterøy kommune med fastlandet ved Herland aust for Bergen. Osterøybrua har et hovudspenn på 595 meter, medan tårna er 121,5 meter høge. Brua stod ferdig 3. oktober 1997 og kosta kring 308 millionar kroner. Brua er den tredje største hengebrua i Noreg.

Osterøybrua

Typehengebru
StadBergen i Noreg
Opna3. oktober 1997
Strekning566
Lengd595±0 meter
Høgd53 meter
KryssarSørfjorden
Materialearmert betong
TransportererBiltrafikk
Kart
Osterøybrua
60°25′33″N 5°32′10″E / 60.42583333°N 5.53611111°E / 60.42583333; 5.53611111

Opninga fann stad 28 år etter at dei første planane om eit ferjefritt fastlandssamband mellom Osterøy og Bergen vart lagt fram. Brua vart opna for trafikk av statsråd Sissel Rønbeck.

Eit særpreg med Osterøybrua var at ho den første tida gynga i vinden, og brua skremde opp både lokale folk, vegstyresmakter og lokalpolitikarar i Bergen. Brua er bygd for å tola vind opp til sterk storm. Brua gynga mest då vinden var kring 10 m/s (frisk bris). Ei tid etter bruopning vart det difor sett opp spoiler på sidene under brua. Etter at desse kom opp vart det slutt på gynginga. Seinare vart same løysinga nytta på trekantsambandet i Sunnhordland der bruene også gynga i vinden.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Osterøybrua

60°25′30″N 5°32′07″E / 60.4250°N 5.5353°E / 60.4250; 5.5353