Longenestinden, også kalla Breitinden og Standalhornet (1206 moh.)[1] er eit fjell i ØrstaSunnmøre. Fjellet ligg på vestsida av Hjørundfjorden, oppom Longeneset og garden Stavset, nord for Store-Standal-dalen og sør for Ytre-Standal-dalen. Namnet Breitinden har samanheng med at toppen er tverr sett frå nord, og den ruvar også markant sett frå munningen av Hjørundfjorden i nord.

Longenestinden
Breitinden, Standalhornet
fjell
Longenestinden, også kalla Breitinden, 1206 m, sett frå Molladalskaret. Den spisse fortoppen heilt til venstre er Høgenipa 1078 m
Land  Noreg
Område Ørsta (Møre og Romsdal)
Fjellkjede Sunnmørsalpane
Høgd 1 206 moh.
Kart
Longenestinden
62°16′57″N 6°23′25″E / 62.28263°N 6.39023°E / 62.28263; 6.39023

For å kome til toppen startar ein frå kommunevegen over Standaleidet, der ein tar av til Fladalen. Stigninga opp til toppen er bratt.

Kjelder

endre
  1. Sunnmørsalpane 1999, Statens kartverk
  • Strømme, Lars og Ragnar Standal, Hjørundfjordboka band V, side 449, 1993, ISBN 82-991200-5-5
  • Standal, Helge J, Jon Hagen og Gunnar Wangen: Fotturar på Sunnmøre, side 167-168, Iriss Forlag, 1999, ISBN 82-992081-2-2