Breivikbotn (nordsamisk Goahtečorru) er administrasjonssenteret i Hasvik kommune, vest i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke, på 70. breiddegrad nord. Tettstaden har 306 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg vest på Sørøya, ved Breivikfjorden som er ein del av Lopphavet. Frå Breivikbotn går Riksveg 882 sørover til tettstaden Hasvik, og derifrå er det ferjesamband til Øksfjord i Loppa kommune. Mellom Breivikbotn og Sørvær lenger nordvest på øya går det fylkesveg.

Breivikbotn
tettstad
Land  Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Kommune Hasvik
Areal 0,32 km²
Folketal 306  (2022)
Folketettleik 956 / km²
Postnummer 9593 BREIVIKBOTN
Preposisjon i Breivikbotn
Kart
Breivikbotn
70°35′24″ N 22°17′35″ E

Det er barnehage og barneskule på staden og Honningsvåg fiskarfagskole og videregående skole har filial i Breivikbotn.

Breivikbotn er eit fiskevær som ligg vêrhardt til utan noko naturleg ly frå Lopphavet, og det er bygd ein kraftig molo til å verne hamna. På seinvinteren og våren vert det såkalla «Breivikfisket» drive i Breivikfjorden, og då kjem det båtar frå fjern og nær til området. Breivikfjorden vert kalla «Lille Lofoten» på grunn av det rike fisket.

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Troms og Finnmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.