Den brende jords taktikk
Den brende jords taktikk eller brend jords taktikk[1] er ein militær taktikk som går ut på å øydeleggje alt som kan brukast av fienden medan ein sjølv rykker fram eller særleg trekkjer seg ut av eit område.[2] Utrykket stammar frå praksisen med å brenne avlingane for å hindre fienden matkjelder, sjølv om han ikkje avgrensar seg til matlager, men òg kan omfatte øydelegging av husly, transportmiddel, kommunikasjonsmiddel og industrielle ressursar og fordriving av folk frå området. Ofte har desse handlingar ein like stor eller større nytteverdi i moderne krigføring sidan moderne hærar vanlegvis tek med seg sine eigne matforsyningar. Praksisen kan utførast av ein hær i fiendtleg territorium, eller av ein hær på eige territorium. Taktikken kan òg innebere å setje opp dødsfeller eller mineleggje husly, transportmiddel osb
Krigar der taktikken er blitt brukt
endre- Vlad Tepes brukte den brende jords taktikk med stor effekt i 1462 under invasjonen til tyrkarane av Valakia. Denne taktikken var så effektiv at tyrkarane returnerte heim utan å ha vore i slag.
- Under napoleonskrigane vart taktikken brukt med militær suksess både i Spania og Russland.
- I den amerikanske borgarkrigen sette general Sherman i verk denne taktikken under marsjen sin til havet.
- Under den andre kinesisk-japanske krigen (1937-1945) øydela kinesiske soldatar demningar i eit forsøk på å oversymje landet for å forsinke framrykkinga til japanske soldatar. Denne taktikken førte til oversymjinga av Huang He i 1938.
- Indonesia og proindonesiske militsar brukte taktikken i tida rundt lausrivinga til Aust-Timor i 1999.
- Under andre verdskrigen sette tyske troppar i verk taktikken for alle områda på Murmanskfronten som dei måtte trekkje seg ut av sommaren og hausten 1944, i Sovjetunionen (Russland), på Lapplandsfronten i Finland og i Noreg.[1] Òg Sovjetunionen brukte denne taktikken under krigen.
- Under Golfkrigen i 1990, då irakiske styrkar blei drivne ut av Kuwait, sette dei fyr på over 600 kuwaitiske oljebrunnar.[3] Brannane bleistarta frå januar til februar 1991, og den siste blei sløkt i november 1991.[4]
- I Noreg
- Under den store nordiske krigen nytta Peter Motzfeldt og norske dragonar taktikken mot invaderande svenske styrkar på Dovrefjell. Dei brann fleire gardar, og hindra dermed dei svenske styrkane frå å gå over Dovrefjell.[5]
- Tvangsevakueringa og nedbrenninga av Finnmark og Nord-Troms av den tyske okkupasjonsmakta under andre verdskrigen førte til at all busetnad og infrastruktur i norske område nord og austom Lyngen vart øydelagt for å hindre at dei invaderande, sovjetiske styrkane frå aust fekk tilgjenge på forsyningar. Dei tyske styrkane sine systematiske og totale rasering av landsdelen denne siste krigsvinteren vart av kong Olav omtalt som den største katastrofen i norsk historie sidan svartedauden.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Historie Vg2 og Vg3 - Skolesituasjonen i Finnmark og Nord-Troms under den andre verdskrigen - NDLA», ndla.no, henta 20. november 2018
- ↑ «Brente jords taktikk». Store norske leksikon. 13. oktober 2014. Henta 18. august 2018.
- ↑ «The Economic and Environmental Impact of the Gulf War on Kuwait and the Persian Gulf». Inventory of Conflict and Environment Cases. Washington (DC): American University. Arkivert frå originalen 19. desember 2010.
- ↑ Wellman, Robert Campbell (14. februar 1999). «Iraq and Kuwait: 1972, 1990, 1991, 1997. Earthshots: Satellite Images of Environmental Change». U.S. Geological Survey. Arkivert frå originalen 28. oktober 2002. Henta 27. juli 2010.
- ↑ Haugland, Kjell (1942-) (2002). Oppdals historie: hovudlinjer og tidsbilde. Oppdal historielag. s. 145-146. ISBN 8270832693.
- Denne artikkelen bygger på «Brente jords taktikk» frå Wikipedia på bokmål, den 11. desember 2010.