Brettesmesse

(Omdirigert frå Brettemesse)

Brettesmesse er ei gammal norsk kyrkjehøgtid den 11. januar, markert på primstaven med hest, øks, flagg eller kross.

Dagen har opphav som minnedag for heilage Brigid frå Irland, eller til minne om Brictiva/Brettiva, ein helgen kjent i Trøndelag som kan minna om Sunniva.

Dagen var eigentleg til minne om den heilage Brictiva, ein norsk helgen, men «brette» kom til å tyda 'brekka'. Denne dagen kunne ein brekka restane av julematen oppi ei gryte og eta han opp på eit «pompegilde».

Ein skulle ikkje køyra med hest denne dagen, då meinte ein han ville brekka eit bein. Dagen var elles ulukkesbringande, ting kunne lett gå sund og ein burde ikkje gifta seg på brettesmesse.

Kjelder endre