Brian MacLeod
Brian MacLeod (fødd 27. april 1962) er ein USA-amerikansk trommeslagar og låtskrivar. Han har vore medlem av Group 87, Wire Train,[1] Toy Matinee og «Tuesday Music Club»-kollektiet i lag med Sheryl Crow, som var oppstarten på albumet Tuesday Night Music Club.
Brian MacLeod | |||
Fødd | 27. april 1962 (62 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | USA | ||
Sjanger | rock | ||
Verka som | låtskrivar |
Han har spelt med mange andre artistar,, som Madonna, Leonard Cohen, Tears For Fears, Seal, Chris Isaak, Melissa Etheridge, Pink, Christina Aguilera, Kevin Gilbert, Jewel, Stevie Nicks, Ziggy Marley, Rosanne Cash, Sara Bareilles, The The, John Hiatt, & Grace Slick.
Han er òg medlem av The Scrantones, som spelte kjenningsmelodien til den amerikanske versjonen av TV-serien The Office.[2]
Av songar han har vore medlåtskrivar på finn ein «Everyday Is a Winding Road», «Strong Enough», «A Change Would Do You Good» og «Shine Over Babylon» med Sheryl Crow; «Waiting for Love» med Pink; «Under a Cloud» med The Bangles & «Supermodel» frå filmen Clueless.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Brian MacLeod (U.S. musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Ruhlmann, William. «Biography: Wire Train». Allmusic. Henta 17. september 2016.
- ↑ West, Steve. «Office Convention 07: Look-Alikes And The Scrantones». TV Blend. Arkivert frå originalen 3. oktober 2017. Henta 17. september 2016.