John Hiatt
John Robert Hiatt (fødd 20. august 1952) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og musikar.[1][2] Han har spelt ei rekkje musikkstilar på albumet sitt, inkludert new wave, blues og country. Hiatt har blitt nominert til ni Grammyprisar[3] og har fått ei rekkje andre prisar.
John Hiatt | |||
John Hiatt på South by Southwest i Austin i Texas (2010) | |||
Fødd | 20. august 1952 (72 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Indianapolis i Indiana i USA | ||
Fødenamn | John Robert Hiatt | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1972 | ||
Sjanger | Heartland rock, bluesrock, folkrock, country, americana | ||
Instrument | Vokal, gitar, piano, klaverinstrument | ||
Plateselskap | MCA, A&M, Geffen, Vanguard, New West Records | ||
Verka som | Songar-låtskrivar, musikar | ||
Born | Lilly Hiatt | ||
Prisar | Americana Lifetime Achievement Award for Songwriting |
Hiatt arbeidde som låtskrivar for Tree International, eit plateselskap i Nashville, då songen hans «Sure as I'm Sittin' Here» vart spelt av Three Dog Night.[1] Songen vart ein hit og gav Hiatt platekontrakt med Epic Records. Sidan den gongen har han gjeve ut 22 studioalbum og eitt konsertalbum.
Ei rekkje artistar innan mange sjangrar har spelt songane hans, som Aaron Neville, B.B. King, Bob Dylan, Bonnie Raitt, Buddy Guy, Chaka Khan, Dave Edmunds, Delbert McClinton, Desert Rose Band, Emmylou Harris, Eric Clapton, Iggy Pop, I'm with Her, Jeff Healey, Jewel, Jimmy Buffett, Joan Baez, Joe Bonamassa, Joe Cocker, Keith Urban, Linda Ronstadt, Mandy Moore, Maria Muldaur, Nick Lowe, Paula Abdul, Paulini, Rodney Crowell, Rosanne Cash, Ry Cooder, Suzy Bogguss, The Nitty Gritty Dirt Band, The Searchers, Three Dog Night, Willie Nelson, Asleep at the Wheel og Willy DeVille.
Diskografi
endre- Hangin' Around the Observatory (Epic, 1974)
- Overcoats (Epic, 1975)
- Slug Line (MCA, 1979)
- Two Bit Monsters (MCA, 1980)
- All of a Sudden (Geffen, 1982)
- Riding with the King (Geffen, 1983)
- Warming Up to the Ice Age (Geffen, 1985)
- Bring the Family (A&M, 1987)
- Slow Turning (A&M, 1988)
- Stolen Moments (A&M, 1990)
- Perfectly Good Guitar (A&M, 1993)
- Walk On (Capitol, 1995)
- Little Head (Capitol, 1997)
- Crossing Muddy Waters (Vanguard, 2000)
- The Tiki Bar is Open (Vanguard, 2001)
- Beneath This Gruff Exterior (New West, 2003)
- Master of Disaster (New West, 2005)
- Same Old Man (New West, 2008)
- The Open Road (New West, 2010)
- Dirty Jeans and Mudslide Hymns (New West, 2011)
- Mystic Pinball (New West, 2012)
- Terms of My Surrender (New West, 2014)
- The Eclipse Sessions (New West, 2018)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «John Hiatt» frå Wikipedia på engelsk, den 25. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 446–447. ISBN 1-84195-017-3.
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 22. juni 2019. Henta 25. september 2020.
- ↑ «John Hiatt». GRAMMY.com (på engelsk). 22. mai 2018. Henta 25. september 2020.