Briesemeister Peak

Briesemeister Peak er ein fjelltopp, 690 moh, som ligg 7 nautiske mil vest-nordvest for Cape Rymill på austkysten av Palmer Land. Denne toppen vart fotografert frå lufta av sir Hubert Wilkins den 20. desember 1928, og av U.S. Antarctic Service i 1940. Det vart namngjeve av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon under Finn Rønne, 1947–48, etter William A. Briesemeister (død 1967), som var sjefskartograf i American Geographical Society, 1913–63, og som fanne denne toppe på to bilete teken av Wilkins, noko som gjorde at ein kunne plassere Stefansson Strait nøyaktig på kartet.[1] Han oversåg førebuinga av kart for Antarktis som skulle nyttast under Det internasjonale geofysiske året (IGY) (1957–58) og prosjekt etter IGY under US Antarctic Research Program.

Briesemeister Peak
fjell
Land  Antarktis
Topp Palmer Land
 - høgd 690 moh.
 - koordinatar 69°28′S 62°45′W / 69.467°S 62.750°W / -69.467; -62.750
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Briesemeister Peak
69°28′00″S 62°45′00″W / 69.4667°S 62.75°W / -69.4667; -62.75
Briesemeister Peak is located in Antarktis
Briesemeister Peak (Antarktis)

Kjelder endre

  1. Geographical Review, July 1948, pp. 477, 484

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Briesemeister Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).