Bron-Yr-Aur av Led Zeppelin
Bron-Yr-Aur Song av Led Zeppelin frå albumet Physical Graffiti | ||
Utgjeve | 24. februar 1975 | |
Innspelt | 1970 | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 2:06 | |
Selskap | Swan Song | |
Komponist | Jimmy Page | |
Låtskrivar(ar) | Page |
---|
«Bron-Yr-Aur» er ein akustisk gitarmelodi av det engelske rockebandet Led Zeppelin, og med ei lengd på to minuttar og seks sekund, den kortaste songen dei gav ut. Han vart opphavleg skriven og spelt inn i 1970 av Jimmy Page under innspelinga av albumet Led Zeppelin III, men kom ikkje ut før i 1975 på Physical Graffiti. Han er kalla opp etter Bron-Yr-Aur, ei hytte i Gwynedd i Wales, der medlemmar i Led Zeppelin kvilte ut under innspelinga av Led Zeppelin III.[1] («Bron-Y-Aur Stomp» er ein annan song frå Led Zeppelin III.)
«Bron-Yr-Aur» er eit tankefullt og avslappande stykke og ein av dei siste akustiske songane bandet gav ut. Songen vart sjeldan spelt på konsertane til Led Zeppelin, men finst på enkelte piratkopiopptak frå den amerikanske turneen deira i august og september 1970, då han stundom vart spela som ein del av det akustiske settet deira.[2]
Medverkande
endreAndre versjonar
endre- 1994: Richard Gilewitz (Voluntary Solitary)
- 1995: Michael White & The White (Plays the Music of Led Zeppelin)
- 1998: Top Banana (Before the Balloon Went Up)
- 2001: Robert John Ward, Jr. (Both Sides of the Story)
- 2001: Richard DeVinck (Going to California)
- 2002: The Section (The String Quartet Tribute to Led Zeppelin, Vol. 2)
- 2004: Jeff Lawrence (Heart of the Son)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bron-Yr-Aur (instrumental)» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9
- Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7
- ↑ Phil Sutcliffe, "Back to Nature", Q Magazine Special Led Zeppelin edition, 2003, s. 34.
- ↑ Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.