Physical Graffiti

Physical Graffiti
Studioalbum av Led Zeppelin
Språk engelsk
Utgjeve 24. februar 1975
Innspelt Juli og desember 1970, januar-mars 1971, mai 1972, januar-februar 1974
Sjanger
Lengd 82:45
Selskap Swan Song
Produsent Jimmy Page
Led Zeppelin-kronologi 
Houses of the Holy
(1973)
Physical Graffiti Presence
(1976)


Singlar frå Physical Graffiti
  1. «Trampled Under Foot/Black Country Woman»
    Utgjeve: 2. april 1975

Physical Graffiti er det sjette studioalbumet til det engelske rockebandet Led Zeppelin. Det er eit dobbeltalbum som kom ut 24. februar 1975. Innspelinga av albumet vart først avbroten då John Paul Jones vurderte å forlate bandet. Etter å ha kome saman att i Headley Grange, skreiv og spelte inn bandet åtte songar. Den samla lengda av desse åtte songane vart lengre enn ein vanleg LP, så bandet gjorde om Physical Graffiti til eit dobbeltalbum med å inkluderte songar dei tidlegare hadde spelt inn, men ikkje gjeve ut.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[3]
Christgau's Record GuideB+[4]
The Daily Telegraph5/5 stars[5]
Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[6]
MusicHound Rock4.5/5[7]
Pitchfork10/10[8]
Q5/5 stars[9]
The Rolling Stone Album Guide4/5 stars[10]
Uncut8/10[11]
The Village VoiceB[12]

Physical Graffiti vart ein suksess både kommersielt og hjå kritikarane. Det har selt til 16x platina (som betyr 8 millionar eksemplar, som dobbeltalbum) i USA aleine.[13] og har vorte rekna som eit av albuma som karakteriserte Led Zeppelin. Albumet er ofte høgt oppe på listene over det beste albumet gjennom tidene.

Innspelinga endre

Innspelinga av Physical Graffiti fann opphavleg stad i november 1973 i Headley Grange i East Hampshire i England. Bandet nytta Ronnie Lane's Mobile Studio. Innspelinga stoppa derimot raskt opp og studiotida vart gjeven til bandet Bad Company, som spela inn debutalbumet sitt Bad Company.[14] I eit intervju i 1975 med gitarist og produsent Jimmy Page forklarte han årsaka til denne pausen:

Det tok lang tid med dette albumet, fordi då me først starta innspelinga, var ikkje John Paul Jones frisk og me måtte ta ein pause ... alt vart rota til. Det tok tre månader å fikse opp i situasjonen.[15]

I følgje Led Zeppelin-historikaren Dave Lewis:

Det kom seinare fram at Jones ønskte å forlate bandet og ta ei stilling som kormeister i Winchester Cathedral. [Manager] Peter Grant oppfordra dei til å vere forsiktige, og meinte at Jones var overarbeidd av den omfattande turneringa og meinte at han burde ta seg fri frå Zeppelin nokre veker. Jones skifta meining og innspelinga heldt fram i Headley Grange etter juleferien.[14]

Då dei kom saman att spelte bandet inn åtte songar i Headley Grange i januar og februar 1974, med Ron Nevison som lydteknikar.

Som med dei førre to albuma, var avgjersla om å spele inn albumet i dei uformelle omgjevnadane i Headley Grange eit velkome høve for bandet til å improvisere og utvikle songar.[14] Plant kommenterte:

Somme av songane kom til på vår vanleg måte med å spel gjennom ein song og før me visste ordet av det hadde me hamna over i noko heilt anna.[14]

Sidan dei åtte songane var lengre enn lengda på eit vanleg album, så valde dei å ta med fleire tidlegare songar dei ikkje tidlegare hadde gjeve ut. Instrumentalen «Bron-Yr-Aur» vart spelt inn i juli 1970 i Island Studios i London for Led Zeppelin III. Han var kalla opp etter Bron-Yr-Aur, ei hytte i Gwynedd i Wales der medlemmar av Led Zeppelin skreiv songar for Led Zeppelin III. «Night Flight» og «Boogie with Stu» vart spelte inn i Headley Grange og «Down by the Seaside» i Island Studios for Led Zeppelin IV. «The Rover» og «Black Country Woman» vart spelte inn under same innspelinga som «D'yer Mak'er» i Stargroves med hjelp av Rolling Stones Mobile Studio i mai 1972. «Houses of the Holy» vart òg spelt inn i mai 1972, men i Olympic Studios. Det femte albumet til bandet, Houses of the Holy, var kalla opp etter denne songen, trass i at han ikkje kom med på det albumet. Page sa:

Me hadde fleire songar enn dei 40 minutta som ein treng for eit album. Me hadde nok songar for eit og eit halvt album, så me tenkte å utvide det til eit dobbeltalbum og nytte tidlegare songar som me ikkje hadde gjeve ut før. Det verka som ein god ide på den tida, å gje ut songar som «Boogie With Stu» som me normalt ikkje kunne ha gjort. Denne gongen tenkte me at me heller drar det ut enn å ta bort ting.[16]

Musikk endre

Med ein innspelingsperiode på fleire år inneheld albumet fleire musikkstilar, som hardrock («The Rover», «The Wanton Song», «Sick Again», «Houses of the Holy»), austleg-aktig orkesterrock («Kashmir»), drivande funk («Trampled Under Foot»), akustisk rock and roll («Boogie With Stu», «Black Country Woman»), kjærleiksballade («Ten Years Gone»), bluesrock («In My Time of Dying») og akustisk gitar-musikk («Bron-Yr-Aur»).[14][17][18]

Fleire av songane vart faste innslag på konsertane deira, særleg «In My Time of Dying», «Trampled Under Foot», «Kashmir», «Ten Years Gone» og «Sick Again».[14]

Plateomslag endre

Biletet på plateomslaget er av ei bustadblokk i New York City. Bygningen finst ved 96 og 98 St. Mark's Place i New York City.[19][20] Biletet vart endra for å at det skulle verte symmetrisk på omslaget.

I 1976 vart albumet nominert til ein Grammy Award i kategorien beste plateomslag.

Utgjeving og mottaking endre

Albumet kom ut 24. februar 1975 under den tiande turneen til Led Zeppelin i Nord-Amerika. Sidan det tok tid å få ferdig plateomslaget, vart det utsett slik at det ikkje kom ut før turneen starta.[21]

Physical Graffiti var den første utgjevinga på det nye plateselskapet deira, Swan Song Records, som dei starta i mai 1974. Fram til då hadde alle albuma deira vorte gjevne ut på Atlantic Records. Albumet vart ein stor suksess og nådde førsteplassen på lista i USA. Det har selt over 8 millionar eksemplar i USA aleine og vart det første albumet som nådde platinastatus basert på førehandssal aleine.[22] Kort tid etter albumet kom ut, gjekk alle dei tidlegare Led Zeppelin-albuma samstundes inn på Topp 200-lista i USA.[23]

Magasinet Billboard sa om albumet «Physical Graffiti er ein kraftprestasjon av mange forskjellige musikkstilar, frå beintfram rock til blues til folkeaktig akustiske songar til orkesteraktige songar.»[24] Jim Miller sa i Rolling Stone at dobbeltalbumet var «bandet sitt Tommy, Beggar's Banquet og Sgt. Pepper i eitt album: Physical Graffiti er Led Zeppelin sitt forsøk på kunstnarisk respekt.»[18]

I 1998 stemnde lesarane av Q Physical Graffiti som det 28. beste albumet gjennom tidene. I 2000 vart det i Q plassertpå 32. plass på lista deira over dei 100 beste britiske albuma, og i 2001 kalla same magasin albumet for eit av dei 50 tyngste gjennom tidene. I 2003 kåra VH1 det til det 71. beste albumet nokon gong. I 2003 vart det rangert på 70. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene. Albumet er òg omtalt i Robert Dimery og Stevie Chick sin 1001 Albums You Must Hear Before You Die (2005).

Lovord endre

Publikasjon Land Lovord År Rangering
Grammy Award USA Beste plateomslag[25] 1976 Nominert
Rolling Stone USA The 500 Greatest Albums of All Time[26] 2003 70
Mojo Storbritannia The 100 Greatest Albums Ever Made[27] 1996 47
Classic Rock Storbritannia 100 Greatest Rock Album Ever[28] 2001 5
Q Storbritannia 100 Greatest Albums Ever[29] 2003 41
Record Collector Storbritannia Classic Albums from 21 Genres for the 21st Century[30] 2005 *
Robert Dimery USA 1001 Albums You Must Hear Before You Die[31] 2005 *
Q Storbritannia 100 Best Albums Ever[32] 2006 57
Classic Rock Storbritannia 100 Greatest British Rock Album Ever[33] 2006 7
Rock and Roll Hall of Fame USA The Definitive 200: Top 200 Albums of All-Time[34] 2007 93

(*) uordna liste.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Jimmy Page og Robert Plant, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelInnspelingsdatoLengd
1.«Custard Pie»Januar–februar 19744:13
2.«The Rover»Mai 19725:37
3.«In My Time of Dying» (Trad. arr. Page, Plant, John Paul Jones, John Bonham)Januar–februar 197411:04
Side to
Nr.TittelInnspelingsdatoLengd
1.«Houses of the Holy»Mai 19724:02
2.«Trampled Under Foot» (Page, Plant, Jones)Januar–februar 19745:37
3.«Kashmir» (Page, Plant, Bonham)Januar–februar 19748:32
Side tre
Nr.TittelInnspelingsdatoLengd
1.«In the Light» (Page, Plant, Jones)Januar–februar 19748:46
2.«Bron-Yr-Aur» (Page)Juli 19702:06
3.«Down by the Seaside»Februar 19715:13
4.«Ten Years Gone»Januar–februar 19746:32
Side fire
Nr.TittelInnspelingsdatoLengd
1.«Night Flight» (Jones, Page, Plant)Desember 1970–Januar 19713:36
2.«The Wanton Song»Januar–Februar 19744:07
3.«Boogie with Stu» (Bonham, Jones, Page, Plant, Ian Stewart, Mrs. Valens)Desember 1970–Januar 19713:53
4.«Black Country Woman»Mai 19724:24
5.«Sick Again»Januar–Februar 19744:42

Albumlister endre

Liste (1975) Topplassering
Den japanske albumlista[35] 13
Den britiske albumlista[36] 1
US Billboard The 200 Albums 1
US Cash Box Top 100 Albums 1
US Record World Top Pop Albums 1
Kanadiske RPM Albums[37] 1
Den norske VG-lista[38] 4
Den austerrikske albumlista[39] 2
Australske Kent Music Report Albums 2
Den newzealandske albumlista[40] 3
Den tyske albumlista 17
Den spanske albumlista[41] 2
Den franske albumlista[42] 2

Medverkande endre

Led Zeppelin
Andre medverkande

Kjelder endre

  1. Lewis 1990, s. 21,55.
  2. «Reviews for Physical Graffiti [Remastered] by Led Zeppelin». Metacritic. Henta 21. august 2018. 
  3. Erlewine, Stephen Thomas. «Led Zeppelin Physical Graffiti». AllMusic. Henta 21. august 2018. 
  4. Christgau, Robert (1981). «Led Zeppelin: Physical Graffiti». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 0899190251. Henta 21. august 2018. 
  5. McCormick, Neil (23. april 2014). «Led Zeppelin's albums ranked from worst to best». The Daily Telegraph. Henta 21. august 2018. 
  6. Larkin, Colin (2006). The Encyclopedia of Popular Music 5 (4th utg.). MUZE. s. 141. ISBN 0195313739. 
  7. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 662. ISBN 1-57859-061-2. 
  8. Richardson, Mark (24. februar 2015). «Led Zeppelin: Led Zeppelin IV/Houses of the Holy/Physical Graffiti». Pitchfork Media. Arkivert frå originalen 27. februar 2015. Henta 21. august 2018. 
  9. «Led Zeppelin Physical Graffiti», Q, 2000. november p. 106.
  10. «Led Zeppelin: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 1. mars 2014. Henta 21. august 2018. 
  11. Mueller, Andrew (March 2015). «Led Zeppelin – Physical Graffiti». Uncut. s. 95. Arkivert frå originalen 17. mars 2015. Henta 25. mars 2015. 
  12. Christgau, Robert (12. mai 1975). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Henta 21. august 2018. 
  13. American album certifications - Led Zeppelin - Physical Graffiti. Recording Industry Association of America,
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 14,5 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9
  15. Crowe, Cameron. "The Durable Led Zeppelin Arkivert 2010-02-23 ved Wayback Machine." Rolling Stone 13. mars 1975
  16. Dave Schulps, Interview with Jimmy Page Arkivert 2011-08-20 ved Wayback Machine., Trouser Press, oktober 1977.
  17. Review at Allmusic
  18. 18,0 18,1 Rolling Stone Review, Mar, 27 1975, arkivert frå originalen 20. desember 2007, henta 26. mars 2011 
  19. «NYC Album Art: Physical Graffiti». www.gothamist.com. Arkivert frå originalen 4. juli 2008. Henta 15 March 2008. 
  20. «Google Maps: From LudLow St. New York NY to Rivington St». Google. Henta 26. mars 2011. 
  21. Chris Welch (1994) Led Zeppelin, London: Orion Books. ISBN 0-85797-930-3, s. 73.
  22. «Record Collector: Physical Graffiti - an album under review». Record Collector. Henta 26. mars 2011. 
  23. Ruhlmann, William (2004). Breaking Records: 100 Years of Hits (1. utg.). London: Routledge Falmer. s. 165. ISBN 0-415-94305-1. 
  24. Fishel, Jim (mars 1975). «Review: Physical Graffiti». Billboard 29: 89. 
  25. «Grammy Award for Best Album Package (AGI) - 28 February 1976». Grammy. Henta 26. mars 2011. 
  26. arkivkopi, arkivert frå originalen 21. desember 2009, henta 26. mars 2011 
  27. «The 100 Greatest Albums Ever Made - January 1996». Mojo. Henta 26. mars 2011. 
  28. «Classic Rock - 100 Greatest Rock Album Ever - December 2001». Classic Rock. Henta 26. mars 2011. 
  29. 2003 «100 Greatest Albums Ever - January 2003» Check |url= value (hjelp). Q. Henta 26. mars 2011. 
  30. «Classic Albums from 21 Genres for the 21st Century: Seventies: From Singer-Songwriter Angst to Glam and the Disco Age - January 2005». Record Collector. Henta 26. mars 2011. 
  31. Dimery, Robert - 1001 Albums You Must Hear Before You Die; s. 856
  32. «Best Albums Ever - February 2006». Q. Henta 26. mars 2011. 
  33. «Classic Rock - 100 Greatest British Rock Album Ever - April 2006». Classic Rock. Henta 26. mars 2011. 
  34. «The Definitive 200: Top 200 Albums of All-Time». Rock and Roll Hall of Fame (USA). Henta 26. mars 2011. 
  35. «Top 100 Albums - 20 February 1975». Oricon. Henta 26. mars 2011. 
  36. «Top 100 Albums - 15 March 1975». chartstats.com. Arkivert frå originalen 8. desember 2012. Henta 26. mars 2011. 
  37. «Top Albums/CDs - Volume 23, nr. 7, April 12, 1975». RPM. Henta 26. mars 2011. 
  38. «Top 20 Albums - 13 April 1975». norwegiancharts.com. Henta 26. mars 2011. 
  39. «Top 75 Albums - 15 April 1975». austriancharts.at. Henta 26. mars 2011. 
  40. Scapolo, Dean (2007). «Top 50 Albums - April 1975». The Complete New Zealand Music Charts (1. utg.). Wellington: Transpress. ISBN 1-877443-00-8 Check |isbn= value: checksum (hjelp). 
  41. «Top 100 Albums - 9 August 1975». PROMUSICAE. Henta 26. mars 2011. 
  42. «Top 100 Albums - 1975». infodisc.fr. Henta 26. mars 2011.