Bruce Fairbairn

Bruce Earl Fairbairn (30. desember 194917. mai 1999) var ein kanadisk musikar og plateprodusent frå Vancouver. Han var aktiv som produsent frå 1976 yil 1999. Av dei mest populære produksjonane hans finn ein Slippery When Wet og New Jersey av Bon Jovi, Permanent Vacation, Pump og Get a Grip av Aerosmith, og The Razors Edge av AC/DC, som alle selde minst fem millionar eksemplar kvar. Han var opphavleg trompetist og starta karrieren sin som plateprodusent for det kanadiske rockebandet Prism. Han har vunne den kanadiske Juno-prisen for årets produsent tre gonger. Han har produsert album for artistar som Loverboy, Blue Öyster Cult, Bon Jovi, Poison, Aerosmith, AC/DC, Scorpions, Van Halen, Chicago, The Cranberries, INXS, KISS og Yes.

Bruce Fairbairn
Fødd30. desember 1949(1949-12-30)
FødestadVancouver
Død17. mai 1999 (49 år)
DødsstadVancouver i British Columbia i Canada
FødenamnBruce Earl Fairbairn
OpphavCanada
Instrumenttrompet
Tilknytte artistar
Verka somMusikar, plateprodusent
PrisarJack Richardson Producer of the Year Award, Jack Richardson Producer of the Year Award, Jack Richardson Producer of the Year Award, Canadian Music Hall of Fame

ProduksjonsdiskografiEndra

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «Bruce Fairbairn» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2015.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: