The Razors Edge av AC/DC

The Razors Edge
Studioalbum av AC/DC
Språk engelsk
Utgjeve 24. september 1990
Innspelt 1990
Studio
Sjanger Hardrock
Lengd 46:11
Selskap
Produsent Bruce Fairbairn
AC/DC-kronologi 
Blow Up Your Video
(1988)
The Razors Edge AC/DC Live
(1992)


Singlar frå The Razors Edge
  1. «Thunderstruck»
    Utgjeve: 10. september 1990
  2. «Moneytalks»
    Utgjeve: November 1990
  3. «Are You Ready»
    Utgjeve: April 1991
  4. «Rock Your Heart Out»
    Utgjeve: October 1991 (Aus)[1]

The Razors Edge er det tolvte studioalbumet til det australske hardrockbandet AC/DC, utgjeve 24. september 1990. Det var eit stort comeback for bandet, med hittane «Thunderstruck» og «Are You Ready», som nådde høvesvis femte- og sekstandeplassen på Billboard Mainstream Rock Tracks, og «Moneytalk», som nådde 23. plassen på Billboard Hot 100.[2] Albumet nådde andreplassen på den amerikanske Billboard 200-lista og fjerdeplassen i Storbritannia, ein stor kommersiell suksess som førte bandet tilbake til populariteten frå stordomstida på slutten av 1970-talet og byrjinga av 1980-talet. Albumet har vorte sertifisert 5× platina (5 millionar selde eksemplar) i USA,[3] og vart gitt ut på nytt i 2003 som ein del av serien AC/DC Remasters. Dette er det einaste studioalbumet med Chris Slade, som var trommeslagaren i AC/DC frå 1989 til han fekk sparken i 1994.

Bakgrunn

endre

Bandet hadde spelt inn Blow Up Your Video (1988) med dei opphavlege produsentane sine, Harry Vanda og George Young.[4] Det vart ein kommersiell suksess og selde fleire eksemplar enn dei to tidlegare studioutgivingane til saman. Blow Up Your Video-turneen byrja i februar 1988 i Perth i Australia. I april same året, like før den nordamerikanske delen av turneen, kunngjorde Malcolm Young at han tok ein pause frå turnélivet, først og fremst for å bli frisk frå alkoholismen sin. Ein annan medlem av Young-familien, nevøen Stevie Young, tok mellombels plassen til Malcolm på rytmegitar. Etter turneen forlét trommeslagaren Simon Wright gruppa for å jobba med det kommande Dio-albumet Lock Up the Wolves, og vart erstatta av eks-Firm- og Manfred Mann's Earth Band-veteranen Chris Slade, som Malcolm hugsa at han hadde spelt med i lag med Manfred Mann under ein opptreden i Sydney mange år tidlegare med Deep Purple og Free.

Innspeling og komposisjon

endre

The Razors Edge vart spelt inn i Windmill Lane Studios i Dublin i Irland og Little Mountain Sound Studios i Vancouver i Canada,[5] og vart miksa og lydteknisert av Mike Fraser og produsert av Bruce Fairbairn, som tidlegare hadde jobba med Aerosmith og Bon Jovi. Ifølgje boka AC/DC: Maximum Rock & Roll var George Young tidleg involvert, men måtte trekkja seg på grunn av personlege problem. Vokalist Brian Johnson var utilgjengeleg i fleire månader medan han avslutta skilsmissa,[6] så Young-brørne skreiv alle låtane til det neste albumet, ein praksis dei heldt fram med på alle seinare utgivingar (i eit intervju i 1995 sa Johnson til Guitar World' at han var letta over å sleppa presset med å skriva tekstane). I det lett gjenkjennelege opningsriffet til «Thunderstruck» vekslar Young mellom å spela på band og å spela på den opne strengen. I eit intervju med Alan Di Perna i «Guitar World» i 1993 fortel gitaristen: «Eg berre fikla med venstrehanda då eg kom på det riffet; eg spelte det meir ved eit uhell enn noko anna. Eg tenkte at det ikkje var så verst, og spelte det inn på kassett. Det er sånn eg og Malcolm vanlegvis jobbar. Me skriv ned ideane våre på lydband og speler dei for kvarandre.» Han utdjupa dette nærare i platenotata til 2003-utgivinga av The Razors Edge:

«Det byrja med eit lite triks eg hadde på gitaren. Eg spelte det for Mal, og han sa: 'Å, eg har ein god rytmeidé som vil passa bra i bakenden'. Me bygde opp låten ut frå det. Me jobba med han i nokre månader før alt fall på plass. Tekstmessig handla det eigentleg berre om å finna ein god tittel ... Me kom opp med ei toregreie, og det verka som om det hadde ein god klang. AC/DC = Power. Det er grunnideen.»[7]

«Moneytalks» er òg ein av dei største hittane til AC/DC og nådde topp 40 på Billboard' Hot 100, UK Singles Charts og den australske ARIA Singles Chart. Den er framleis den høgast rangerte singelen til bandet i USA, på 23. plassen (ingen andre AC/DC-singlar har nokosinne nådd topp 30). Under den etterfølgjande verdsturneen vart tusenvis av «Angus Bucks» («Angus-setlar») sleppt ned på publikum under songen. Det vart òg gitt ut ein musikkvideo av songen, regissert av David Mallet, med ein liveopptreden under turneen. Forfattaren Murray Engleheart skriv i sine memoarar om bandet, AC/DC: Maximum Rock & Roll: «På songar som 'Mistress for Christmas' og 'Moneytalks' viste Malcolm og Angus at dei hadde røter i arbeidarklassen, sjølv om dei selde album for fleire millionar, ved å ta eit oppgjer med toppane i forretningsverda.» I eit intervju med Guitar World i februar 1991 uttalte Angus Young: «Eg synest den morosamaste songen på dette albumet er 'Mistress For Christmas'. Den songen handlar om Donald Trump. Han var ei stor nyheit på den tida, så me tenkte at me kunne ha litt moro og humor med han.» I det same intervjuet erklærte han at hans beste gitarsolo på plata var på låten «The Razors Edge», som òg inneheld eit sjeldan forsøk på fingerplukking. Sjølv om AC/DC alltid hadde vore apolitiske når det gjaldt musikken sin, var tittelsporet ein slags kommentar, noko Young forklarte til Muchmusic i 1992:

 
Malcolm Young i 1990

.

«The Razors Edge» kjem frå eit gammalt ordtak som bønder pleidde å bruka i Storbritannia, der ein hadde ein fin solskinsdag, du veit, ein veldig god dag med varm sol, og så plutseleg i det fjerne kunne ein sjå desse svarte skyene komma over horisonten, ein illevarslande sak... Eg syntest det var ein flott tittel. Det var fred i verda igjen, og alle tenkte: «Ah, Berlinmuren har falle, og alt kjem til å bli moro og leik, fest kvar kveld», og no ser ein at det ikkje er slik. Det er berre måten me seier at verda ikkje er perfekt og aldri kjem til å bli det.

Turné

endre

Med utgivinga av The Razors Edge la AC/DC ut på ein verdsturné, kanskje den mest omtalte turneen dei nokosinne hadde gjort. Suksessen til turneen vart driven av dei publikumsvenlege låtane, som «Thunderstruck», «Moneytalks», «Fire Your Guns», «The Razors Edge» og «Are You Ready», som òg vart inkludert på albumet AC/DC Live Collector's Edition som liveversjonar. Fleire av konsertane på Razors Edge-turneen vart spelt inn til livealbumet Live frå 1992. Live vart produsert av Fairbairn, og blir rekna som eit av dei beste livealbuma på 1990-talet.[8]

Mottaking

endre
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [9]
Collector's Guide to Heavy Metal9/10[10]
The Encyclopedia of Popular Music     [11]
Entertainment WeeklyA−[12]
Rolling Stone     [13]

The Razors Edge nådde heilt til andreplassen på Billboard 200-lista og vart liggjande på lista i 77 veker i strekk. Det nådde òg fjerdeplassen på den britiske lista. Albumet bidrog til å bringa AC/DC tilbake til fordoms stordomstid. Førebels har albumet selt fem millionar eksemplar i USA, noko som sertifiserer det som 5× Platina. Albumet har selt mellom ti og tolv millionar eksemplar på verdsbasis, noko som gjer det til det fjerde mest selde AC/DC-albumet (etter Dirty Deeds Done Dirt Cheap, Highway to Hell og Back in Black og framfor Who Made Who).

Albumet fekk generelt blanda til positive meldingar. AllMusic komplimenterte både vokalprestasjonen til Brian Johnson og gitarspelet til Angus Young, og sa at albumet var «utan tvil det sterkaste album deira på over eit halvt tiår.»[9] Entertainment Weekly gav albumet ei svært positiv melding, og sa at «dette er eit album som verkeleg leverer.»[12] Den kanadiske journalisten Martin Popoff definerte albumet som «stramt, høgspent og truande ... heilt verdig statusen sin som det store comebacket til legendariske rock 'n' roll-yndlingar».[10] Rolling Stone gav derimot albumet to av fem stjerner, kritiserte likskapen med tidlegare AC/DC-verk og skreiv at «med The Razors Edge set AC/DC ny rekord for den lengste karrieren utan ein einaste ny idé».[13] I ein framsideartikkel i Rolling Stone frå 2008 skreiv David Fricke: «Etter nokre album som høyrdest ut som gamle idear som vart varma opp ein gong for mykje, er dette nesten eit comeback, og det brakar laus med Angus sin vepsehær-triller i den første låten.»

Innhald

endre

Alle songar er skrivne av Angus Young og Malcolm Young.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Thunderstruck»4:52
2.«Fire Your Guns»2:53
3.«Moneytalks»3:48
4.«The Razors Edge»4:22
5.«Mistress for Christmas»3:59
6.«Rock Your Heart Out»4:06
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Are You Ready»4:10
8.«Got You by the Balls»4:30
9.«Shot of Love»3:56
10.«Let's Make It»3:32
11.«Goodbye & Good Riddance to Bad Luck»3:13
12.«If You Dare»3:08

Medverkande

endre
AC/DC
Produksjon
  • Bruce Fairbairn – produsent
  • Mike Fraser – lydteknikar, miksing
  • Brian Dobbs, Sean Leonard – assisterande lydteknikarar
  • Ian Taylor, Ken Lomas – ekstra innspelingar
  • George Marino at Sterling Sound, NYC – mastering
  • Stewart Young – management

Salslister

endre

Vekeslister

endre
Vekesliste for The Razors Edge
Liste (1990–2010) Plassering
Australske album (ARIA)[14] 3
Austerrikske album (Ö3 Austria)[15] 11
Canada Top Albums/CDs (RPM)[16] 1
Nederlandske album (MegaCharts)[17] 19
Finnish Albums (Suomen virallinen lista)[18] 1
Tyske album (Offizielle Top 100)[19] 4
Ungarske album (MAHASZ)[20] 16
Italienske album (FIMI)[21] 79
Japanske album (Oricon)[22] 174
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[23] 2
Norske album (VG-lista)[24] 2
Spanske album (PROMUSICAE)[25] 53
Svenske album (Sverigetopplistan)[26] 5
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[27] 2
Britiske album (OCC)[28] 15
US Billboard 200[29] 2

Årslister

endre
Årsliste for The Razors Edge
Liste (1990) Plassering
Australske album (ARIA)[30] 17
Tyske album (Offizielle Top 100)[31] 80
New Zealand Albums (RMNZ)[32] 27
Sveitisiske album (Schweizer Hitparade)[33] 28
Liste (1991) Plassering
Australske album (ARIA)[34] 41
Tyske album (Offizielle Top 100)[35] 8
New Zealand Albums (RMNZ)[36] 2
Sveitisiske album (Schweizer Hitparade)[37] 20
US Billboard 200[38] 12

Salstrofé

endre
Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[39] 5× Platina 350 000^
Austerrike (IFPI Austerrike)[40] Platina 50 000x
Canada (Music Canada)[41] 5× Platina 500 000^
Danmark (IFPI Danmark)[42] Gull 25 000^
Finland (Musiikkituottajat)[43] Platina 63,926
Frankrike (SNEP)[44] Gull 0*
Tyskland (BVMI)[45] 2× Platina 1 000 000^
Italia (FIMI)[46]
since 2009
Gull 50 000*
New Zealand (RMNZ)[47] Platina 15 000^
Spania(PROMUSICAE)[48] Platina 100 000^
Sverige (GLF)[49] Platina 100 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[50] 2× Platina 100 000x
Storbritannia (BPI)[51] Gull 100 000^
USA (RIAA)[52] 5× Platina 5 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder

endre
  1. «AC/DC». 
  2. «EveryHit». Henta 29. juni 2023. 
  3. Blabbermouth.net - AC/DC: Classic Albums Reach New Sâles Heights Arkivert 3. juli 2006 ved Wayback Machine.
  4. Prato, Greg. «AC/DC-Blow Up your Video». AllMusic. Henta 29. juni 2023. 
  5. «MusicMight :: Artister :: AC/DC». Arkivert frå originalen 28. mars 2014. Henta 15. april 2014. 
  6. «AC/DC History». AC/DC-Bedlam in Belgium. Henta 29. juni 2023. 
  7. Young, Angus (2003). The Razors Edge (booklet). AC/DC. Epic Records. 
  8. Weber, Barry. «AC/DC—AC/DC Live». AllMusic. Henta 29. juni 2023. 
  9. 9,0 9,1 Henderson, Alex. «AC/DC - The Razors Edge review». AllMusic. Henta 29. juni 2023. 
  10. 10,0 10,1 Popoff, Martin (1. august 2007). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 3: The Nineties. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 42. ISBN 978-1-894959-62-9. 
  11. Larkin, Colin (2007). The Encyclopedia of Popular Music (5th Concise utg.). Storbritannia: Omnibus Press. s. 34. ISBN 978-1-84609-856-7. 
  12. 12,0 12,1 Sandow, Greg (5. oktober 1990). «The Razors Edge». Entertainment Weekly. Henta 29. juni 2023. 
  13. 13,0 13,1 Mendelsohn, John (15. november 1990). «The Razor's Edge». Rolling Stone. 
  14. "AC/DC – The Razors Edge". Australiancharts.com. Hung Medien.
  15. "AC/DC - The Razors Edge" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien.
  16. "Top RPM Albums: Nummer 9106". RPM. Library and Archives Canada.
  17. "AC/DC – The Razors Edge". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  18. Pennanen, Timo (2021). «AC/DC». Sisältää hitin - 2. laitos Levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla 1.1.1960–30.6.2021 (PDF) (på finsk). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 9. Henta 27. juni 2023. 
  19. "Offiziellecharts.de – AC/DC – The Razors Edge" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
  20. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hangfelvétel-kiadók Szövetsége". Mahasz.hu. LightMedia.
  21. "AC/DC – The Razors Edge". Italiancharts.com. Hung Medien.
  22. "Oricon Top 50 Albums" (på japansk). Oricon.
  23. "AC/DC – The Razors Edge". Charts.org.nz. Hung Medien.
  24. "AC/DC – The Razors Edge". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
  25. "AC/DC – The Razors Edge". Spanishcharts.com. Hung Medien.
  26. "AC/DC – The Razors Edge". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  27. "AC/DC – The Razors Edge". Swisscharts.com. Hung Medien.
  28. "AC/DC | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  29. "AC DC Album & Song Chart History" Billboard 200 for AC DC. Prometheus Global Media.
  30. «ARIA Top 100 Albums for 1990». Australske Recording Industry Association. Henta 21. mars 2021. 
  31. «Top 100 Album-Jahrescharts» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 21. mars 2021. 
  32. «Top Selling Albums of 1990». Recorded Music NZ. Henta 14. februar 2022. 
  33. «Schweizer Jahreshitparade 1990». hitparade.ch. Henta 21. mars 2021. 
  34. «ARIA Top 100 Albums for 1991». Australske Recording Industry Association. Henta 21. mars 2021. 
  35. «Top 100 Album-Jahrescharts» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 21. mars 2021. 
  36. «Top Selling Albums of 1991». Recorded Music NZ. Henta 12. februar 2022. 
  37. «Schweizer Jahreshitparade 1991». hitparade.ch. Henta 21. mars 2021. 
  38. «Top Billboard 200 Albums – Year-End 1991». Billboard. Henta 21. mars 2021. 
  39. «ARIA Charts – Accreditations – 2013 Albums». Australian Recording Industry Association. 
  40. «Austrian album salstrofé – AC/DC – The Razor's Edge» (på tysk). IFPI Austerrike.  Enter AC/DC in the field Interpret. Enter The Razor's Edge in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  41. «Canadian album salstrofé – AC/DC – The Razors Edge». Music Canada. 
  42. «Danish album salstrofé – AC/DC – The Razor's Edge». IFPI Denmark. 
  43. The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:
  44. «French album salstrofé – AC/DC – The Razors Edge» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  45. «Gold-/Platin-Datenbank (AC/DC; 'The Razor's Edge')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  46. «Italian album salstrofé – AC/DC – The Razors Edge» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter AC/DC in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  47. «New Zealand album salstrofé – AC/DC – The Razors Edge». Recording Industry Association of New Zealand. 
  48. Salaverrie, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (PDF) (på spansk) (1st utg.). Madrid: Fundación Autor/SGAE. s. 962. ISBN 84-8048-639-2. Henta 20. mai 2023. 
  49. «Guld- och Platinacertifikat − År 1987−1998» (PDF) (på svensk). IFPI Sweden. 
  50. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (AC/DC; 'The Razor's Edge')». Hung Medien. 
  51. «British album salstrofé – AC/DC – The Razors Edge». British Phonographic Industry.  Enter The Razors Edge in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  52. «American album salstrofé – AC/DC – The Razors Edge». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH