Bruntisen
Bruntisen er ein isbrem som ligg langs kysten av Antarktis ved Coats Land mellom Dawson-Lambton-breen og Stancomb-Wills-bretunga. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter David Brunt, ein britisk meteorolog, som var fysikk-sekretær i Royal Society i 1948–57, ansvarleg for starten på Royal Society Expedition som vitja denne isbremmen i 1955.
Bruntisen | |||
isbrem | |||
Bruntisen frå jomfruturen under Operation IceBridge i Antarktis i 2011 med NASA sitt DC-8
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Coats Land | ||
- koordinatar | 75°40′S 25°00′W / 75.667°S 25.000°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Bruntisen 75°40′00″S 25°00′00″W / 75.6667°S 25°W | |||
Wikimedia Commons: Brunt Ice Shelf |
Han vart nytta som base for Royal Society Expedition i 1955–59, som vart overtatt som den britiske Halley forskingsstasjon.
Brunt Icefalls strekkjer seg langs Caird Coast for kring 80 km, der den bratte isdekte kysten fell ned til Bruntisen. Isfalla vart oppdaga 5. november 1967 under flyturen til United States Navy-skvadron VXE-6 over kysten i eit LC-130-fly. Han vart kartlagt av United States Geological Survey frå flyfoto teken på den tida. Isbremmen vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names i samband med Bruntisen.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Brunt Ice Shelf» (innhald frå Geographic Names Information System).