Opna hovudmenyen

Koordinatar: 60°28′43″N 5°40′37″E

Bruvik kyrkje
kyrkje
Bruvik kirkested mot Hananipa.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Åsane
Sokn Bruvik
Fellesråd Osterøy
Type Langkyrkje
Arkitekt Frederik Hannibal Stockfleth,
byggmeister Ole Vangberg[1]
Material Tre
Innvigd 1867[1]
Kyrkjegard Rundt kyrkja
Sitjeplassar 350[2]
Wikimedia Commons: Bruvik kirke

Bruvik kyrkje står i Bruvik søraust på øya Osterøy i Osterøy kommune i Hordaland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1867. Kyrkja vart ført opp etter Frederik Hannibal Stockfleth sine teikningar til Fusa kyrkje. Byggmeister Ole Vangberg gjorde ymse endringar og tilpassingar av teikningane for kyrkjebygget i Bruvik.

Bruvik kyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til Bruvik kyrkje

Det har vore kyrkje i Bruvik sidan mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Bruvik sokn nemnd i kjeldene er frå 1340. Bruvik-kyrkja er òg nemnd i Bergen kalvskinn frå kring 1350. Mellomalderkyrkja var truleg ei stavkyrkje. Ho vart avløyst av ei lafta kyrkje tidleg på 1600-talet. Denne stod til 1866 då ho vart riven.

Bruvik kyrkje er soknekyrkje i Bruvik sokn i Åsane prosti. Bruvik høyrde fram til 1869 til Haus prestegjeld. Då vart Bruvik saman med Stamnes sokn skilde ut som Bruvik prestegjeld.[3] Fram til utfasinga av prestegjeld frå 2004 tilhøyrde kyrkja Osterøy prestegjeld.

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 «Norges Kirker: «Bruvik kirke»». Henta 9. april 2014.  På nettstaden til NIKU og KA
  2. Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Bruvik kyrkje», s. 369
  3. «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket

BakgrunnsstoffEndra