Opna hovudmenyen

Bruvik er ei bygd i Osterøy kommune i Hordaland fylke. Bygda ligg på sørkysten av Osterøy. Bruvik var senter for ein eigen kommune frå 1870 til 1964.

Bruvik
stad
Bruvik.JPG
Bruvik (til venstre) sett frå toppen av Brøknipa. I bakgrunnen til venstre ligg bygda Vaksdal.
Foto: Frode H. Korneliussen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Osterøy
Postnummer 5285 BRUVIK
Innbyggjarnamn bruviking

Bruvik kommune 1870 - 1964Endra

Bruvik var opphavleg ein del av Haus (Arna) formannskapsdistrikt.

Haus vart delt i to og Bruvik skilt ut som eigen kommune 1. januar 1870.

1. januar 1964 skifta Bruvik kommune namn til Vaksdal kommune og fekk Bergsdalen og Eksingadalen frå Evanger og Modalen kommunar innlemma i seg.

Samstundes vart sjølve Bruvikbygda fråsundra, og danna den nye Osterøy kommune, saman med dei delane av Haus, Hosanger og Hamre som låg på Osterøya.

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for tidlegare Bruvik kommune frå 1920 til 1964:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1964[3]
4091 4668 5152 5572 5796 5673

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 Folkemengd i Bruvik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

BakgrunnsstoffEndra