Bull of the Woods

Bull of the Woods
Studioalbum av The 13th Floor Elevators
Språk engelsk
Utgjeve Mars 1969
Innspelt 1968
Sjanger Psykedelisk rock, acid rock, bluesrock
Lengd 35:20[1]
Selskap International Artists
Produsent Ray Rush
The 13th Floor Elevators-kronologi 
Live
(1968)
Bull of the Woods


Bull of the Woods er det tredje og siste studioalbumet til den amerikanske psykedelisk rock-gruppa The 13th Floor Elevators. Albumet er kjend for den stemningskapande, drauamnde og fuzz-dominerte psykedeliske lyden, og vart gjeven ut på International Artists.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars [2]

Bakgrunn endre

Innspelinga av albumet kom i gang kort tid etter Easter Everywhere var ferdig, og hadde arbeidstitlane Beauty and the Beast og seinare A Love That's Sound. Musikarane på albumet bestod av Roky Erickson, Stacy Sutherland, Tommy Hall, Danny Thomas og Duke Davis, i tillegg til Ronnie Leatherman på bass, som vart henta attende til bandet etter at Davis slutta. Bandet var i ferd med å bli oppløyst under innspelinga. Roky Erickson og Duke Davis er berre med på fire songar, og Tommy Hall er berre med på ein.[3] Dei attverande sju spora vart berre spelt inn med Sutherland, Thomas og Leatherman. Dei fleste songane spelte inn våren 1968 vart skrota og albumet vart fullført hausten 1968. Gitaristen Stacy Sutherland skreiv fem av songane aleine, og fire til i lag med Tommy Hall. Albumet kom først ut i mars 1969 som Bull of the Woods, men då var gruppa alt oppløyst.

I 2009 vart albumet gjeve ut med bonusspor som ein del av boksen «Sign of the 3-Eyed Men». Samlinga inkluderte òg ein rekonstruksjon av eit «tapt», tredje album, A Love That's Sound, som hovudsakleg bestod av songar som ikkje var gjevne ut før, og tidlege versjonar av songane som seinare kom med på Bull of the Woods.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Livin' On»Stacy Sutherland, Tommy Hall3:23
2.«Barnyard Blues»Sutherland2:52
3.«Til Then»Sutherland, Hall3:18
4.«Never Another»Roky Erickson, Hall2:27
5.«Rose and the Thorn»Sutherland3:40
6.«Down by the River»Sutherland1:55
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Scarlet and Gold»Sutherland4:50
8.«Street Song»Sutherland4:55
9.«Dr. Doom»Sutherland, Hall3:10
10.«With You»Ronnie Leatherman2:10
11.«May the Circle Remain Unbroken»Erickson2:40
Bonusspor på 2009-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«Livin' On» (singelversjon)Sutherland, Hall3:25
13.«Scarlet and Gold» (singel)Sutherland4:59
14.«May the Circle Remain Unbroken»Erickson2:41
15.«Livin' On» (alternativ horn-versjon)Sutherland, Hall3:23

Medverkande endre

Musikarar endre

Teknisk endre

Kjelder endre