Opna hovudmenyen

Burdursjøen (tyrkisk Burdur Gölü) er ein stor saltsjø på grensa mellom provinsane Burdur og Isparta sørvest i Tyrkia. Han har eit areal på 250 km² og djupna varierer stort sett mellom 50 og 110 meter. Vassnivå i innsjøen varierer. Burdursjøen er òg eit viktig våtmarksområde for mange fugleartar og har status som ein ramsarstad.

Burdursjøen
innsjø
Lake Burdur NASA.jpg
frå verdsrommet
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Provins provinsen
Nedslagsfelt 6 150 km²
Høgd 845 moh.
Koordinatar 37°45′N 30°11′E
Areal 250 km²
Innsjøtype saltsjø
Turkey location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Lake Burdur
[1]

Burdursjøen er av dei største og djupaste i Tyrkia og ligg i eit innsjøområde sørvest i Anatolia. Tilsigsområdet er 6150 km2 og innsjøen ligg 854 meter over havet. Innsjøen er salt og alkalisk (pH 9.5) og frys aldri til. Sidan innsjøen aldri er isdekt held mange fuglar til her om vinteren. Øksosystemet i innsjøen er truga av inndustri i området og ein flytplass på nordsida av innsjøen.

Danninga av innsjøen starta for fem millionar år sidan som eit tektonisk søkk. Burdurområdet ligg i dag i eit aktivt jordskjelvområde. Eit større jordskjelv fann stad her 3. oktober 1914. Då døydde rundt 4 000 menneske medan 17 000 heimar og fleire monument blei øydelagde.[2]

KjelderEndra

  1. Hammer, Ulrich Theodore (1986), Saline Lake Ecosystems of the World, Springer, ISBN 90-6193-535-0 
  2. Significant Earthquake, ngdc.noaa.gov