Burton Island-breen

Burton Island-breen er ein kanalisbre, kring 17 km brei og 13 km lang, som flyt nord frå innlandsisen til Posadowsky Bay like vest for Cape Torson. Han vart kartlagt frå flyfoto tekne under U.S. Navy Operasjon Highjump i 1946–47, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter USS «Burton Island», ein av to isbrytarar under U.S. Navy Operasjon Windmill i 1947–48, som assisterte i å opprette astronomiske kontrollstasjonar langs Wilhelm II Coast, Queen Mary Coast, Knox Coast og Budd Coast.[1][2]

Burton Island-breen
isbre
Land  Antarktis
Stad Wilhelm II Land
 - koordinatar 66°49′S 90°20′E / 66.817°S 90.333°E / -66.817; 90.333
Lengd 13 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Burton Island-breen
66°49′00″S 90°20′00″E / 66.8167°S 90.3333°E / -66.8167; 90.3333
Burton Island-breen is located in Antarktis
Burton Island-breen (Antarktis)

Kjelder

endre
  1. «Burton Island Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 28. desember 2013. 
  2. «Gna-GeographicNamesOfTheAntarctic1stEdition1981_djvu». s. 327. Henta 28. desember 2013. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Burton Island-breen» (innhald frå Geographic Names Information System).