Bush dance er ein dansestil frå Australia som særleg viser til tilstellingar der musikken blir framført av eit bush band. Dansane er hovudsakleg baserte på tradisjonelle folkedansar frå Storbritannia, Irland og Sentral-Europa.

Skilt til ei bush dance-tilstelling.
Country dance i Helenvale kring 1910.
Dansing av reel ved ein piknik i Boulia i Queensland i 1921.

Utvikling av bush dance i Australia endre

  • 1770–1850: Tidlege europeiske nybyggjarar hadde med seg sine dansetradisjonar.
  • 1850–1860: Gullrush-gullgravarar tok med seg dansar frå Europe, nokre via det amerikanske gullrushet.
  • 1860–1950: Det blei halde woolshed-ball og tilstellingar i landlege danselokale.
  • 1950–1960: Gjenoppliving med innsamlarar og entusiastar som dokumenterte og framførte dansane. Det blei undervist i dansane ved National Fitness Camps og på skular.[1] Ein byrja dansa «bush dances» i byane, med ein del dansar som ikkje var typiske for tradisjonane på landsbygda.[2] Ny interesse for folkemusikk førte til oppretting av musikkgrupper som The Bushwhackers og å ta vare på tradisjonelle instrument og musikkstilar, men ein la gjerne vekt på britisk og irsk musikk, og ikkje på dei mange andre musikkstilane som hadde vore brukt til folkeleg dans i Australia.[3]
  • 1970–1980: Dei fleste område og mange klubbar har jamlege «Bushy Balls».

Bush dance-tradisjonen har alltid vore open for impulsar utanfrå, og ein kan nytta musikkstilar som Cape Breton-folk, cajunmusikk, bluegrass, blues og moderne songar som «Macarena» og «Nutbush City Limits» til dansen.[4]

Dansestilar endre

  • Bush dance - generelt mindre vekt på komplisert trinn og meir om at folk er på rett plass. Kleskoden er avslappa.
  • Kolonial dans - meir fokus på rette trinn. Mange av dansane er unike for Australia. Klede til denne dansen er vanlegvis tidsrette.

Danseformasjonar endre

Dansane kan grupperast etter formasjonane til dansarane.

Big circle dance (ringdans) endre

Annakvar mann og kvinner i sirkel eller hesteskoform (til dømes «Stockyards»).

Closed-couples dance (pardans) endre

Par av menn og kvinner arrangert rundt i rommet (til dømes «Brown Jug Polka»)

Longways sets endre

3 til 8 par i to rekkjer, kvinner vendt mot bandet, menn mot kvinnene. Hovudparet er på venstre side av bandet (til dømes «Galopede»).

Sicilian circle dances (sicilianske ringdansar) endre

Par står vende mot kvarandre i rett vinkel til danselinja rundt i rommet. Vanlegvis er det ein roterande sirklar der halvparten av dansarane går med klokka og den andre halvparten går mot klokka. Dobbel siciliansk er 2 par som står vende mot 2 par (til dømes «Cottages»)

Trio dances endre

Rekkjer med tre personar, ein mann og to kvinner eller to menn og ei kvinner som står vend mot ei tilsvarande rekkje. Setta går rundt i rommet (til dømes «Dashing White Sergeant»).

Quadrilles (kvadrilje) endre

Fire par arrangerte på sidene av eit kvadrat (til dømes «Colonial's Quadrille»).

Musikk endre

Musikken til bush dance byggjer hovudsakleg britisk og irsk tradisjonsmusikk. Britiske, irske og amerikanske folkemusikarar kan kjenna att variasjonar av dei fleste melodiane.

Rytmar inkluderer reel, jig, marsj, vals og hornpipe.

Vanleg instrument er fele, piano, trekkspel, concertina, blekkfløyte, baljebass (bush bass), gitar, banjo og ulike typar perkusjon, inkludert lagerphone. Elektroforsterka instrument som bassgitar eller elektrisk gitar har vore i bruk sidan 1970-talet.

Amerikanske tradisjonar endre

Bush dance liknar amerikansk line dance eller square dance ved at alle dansarane kan visse steg og utfører dei i lag. Ofte byttar ein partnar i løpet av dansen. Det er mange standarddansar som dansarar blir lærte eller er venta å kunna, som «The Ninepins Quadrille» (kalla «The Drongo» av gruppa The Bushwackers) der ein person blir ekskludert frå gruppa når dei ikkje har ein partner og blir «spotta» av dei andre. Ein annan populær, enkel dans, som ofte blir brukt med born, er «Heel-Toe Polka» (også kjend som «Brown Jug Polka»), der partnarane klapper knea og hendene sine og hendene til partnarane.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Australian Social Dance», www.mustrad.org.uk, henta 27. januar 2024 
  2. «Brief history of Bush Dancing», Celtic Music Club of South Australia Inc (på engelsk), 29. juni 2023, henta 27. januar 2024 
  3. «Wongawilli Colonial Dance Club», www.wongawillicolonialdance.org.au, henta 27. januar 2024 
  4. «About bush dancing | Paverty Bush Band», www.paverty.com.au, henta 27. januar 2024 

Bakgrunnsstoff endre

  • Shirly Andrews, Take Your Partners, Hyland House Publishing PTY Limited., 1979 ISBN 0-908090-13-7
  • Max Klubal, Music for Australian Folk Dancing with Instructions, The Australian Folk Trust., 1979