Opna hovudmenyen

Concertina er eit luftdrive tangentinstrument, ein sekskanta engelsk variant av trekkspel. Det blei funne opp i 1829 av Sir Charles Wheatstone. Concertina er eit kromatisk instrument som finst i fire storleikar: sopran, tenor, baryton og bass. Til saman spenner desse frå c til c4.

Concertina
Wheatstone English Concertina.jpg
Klassifiseringtrekkspel, free reeds
Hornbostel-Sachs klassifisering412.132
Concertina i godt selskap. Notehefte frå 1870-talet.
Teikning av ein concertina.

Tyske variantar av instrumentet var bandoneon og chemnizter. Eit instrument som kombinerte dei to tradisjonane er kjend som «Anglo-German» og seinare «Anglo concertina».

Musikkinstrumentet var utbreidd på 1800-talet, og blei mellom anna mykje brukt av Frelsesarmeen og andre musikarar i den engelsktalande verda. Bruken gjekk ned på 1900-talet, då nye masseproduserte instrument (som piano og gitar) og musikkstilar (som jazz og blues) tok over. Radio og grammofon gjorde også framføringar av amatørmusikarar, som ofte hadde nytta seg av concertinaer, mindre vanlege.

Visse musikktypar heldt på instrumentet: Irsk folkemusikk, engelsk morrisdans, sørafrikansk folkemusikk både blant boerar og zuluar. Bandoneon blir brukt i Argentina til tango og chemnizter i USA til polka. Concertina har også vore brukt av klovnar.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Concertina
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.