Opna hovudmenyen
Nutbush City Limits
Singel av Ike & Tina Turner
frå albumet Nutbush City Limits
B-side «Help Him»
Utgjeve Juni 1973
Innspelt Bolic Sound Studio, Inglewood, CA
Sjanger Funkrock[1]
Lengd 2:57
Selskap United Artists
Låtskrivar(ar) Tina Turner
Produsent Ike Turner
Ike & Tina Turner-kronologi
«Early One Morning»
(1973)
Nutbush City Limits «Sweet Rhode Island Red»
(1974)


«Nutbush City Limits» er ein delvis sjølvbiografisk song skriven og framført av Tina Turner der ho minnast landsbygda i heimstaden Nutbush i Tennessee. Songen kom ut i juni 1973, kort tid før ho skilde seg frå den dåverande ektemannen og musikalske partneren Ike Turner. «Nutbush City Limits» var den siste store hitsingelen duoen produserte før dei gav seg. I seinare år har «Nutbush City Limits» blitt spelt inn av mange andre artistar, som Bob Seger and The Silver Bullet Band. Tina Turner sjølv har spelt inn fleire nyare versjonar av songen.

Butikk i Nutbush i Tennessee, «Birthplace of Tina Turner».

Originalversjonen frå 1973Endra

Den første innspelinga av «Nutbush City Limits» vart produsert av Ike Turner i hans Bolic Sound Studio i Inglewood i California i mai 1973 og gjeven ut som singel månaden etter som Ike & Tina Turner. Sjølv om Ike skreiv musikken, førte han ikkje opp namnet sitt ved sidan av Tina, som skreiv teksten. Denne versjonen er prega av nyskapande gitarlydar, ein synthesizersolo og ei funky blåserekkje.

Songen kom sidan ut på albumet med same namn, i november 1973, og vart den siste store hitten til duoen då han nådde 11. plassen på Billboard Hot Soul Singles, 22. plassen på Billboard Hot 100 og fjerdeplassen på UK Singles Chart.[2] Då duoen gav seg, vart songen fast i konsertane til Tina Turner.

Det gjekk lenge rykte om at Marc Bolan, frontmannen i glamrockbandet T. Rex, spelte gitar på songen.[3] Dette vart stadfesta av Gloria Jones, som då var kjærasten hans og som sjølv song korvokal for Ike & Tina Turner i 1960-åra. Men i 2008 skreiv magasinet Ebony, i samband med dødsfallet til Ike Turner, at det var James «Bino» Lewis, som då spelte i bandet til Ike & Tina, Kings of Rhythm, som spelte gitar.[4]

Konsertversjon frå 1988Endra

Nutbush City Limits (Live)
Singel av Tina Turner
frå albumet Tina Live in Europe
B-side «Overnight Sensation» (live), «Legs» (live)
Utgjeve 16. mars 1988
Sjanger Rock
Lengd 3:30
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Tina Turner
Produsent John Hudson
Tina Turner-kronologi
«Afterglow»
(1987)
Nutbush City Limits (Live) «Addicted to Love (Live)»
(1988)


Nutbush City Limits
Singel av Tina Turner
frå albumet Simply the Best
B-side «The Best»
Utgjeve 14. oktober 1991
Sjanger Dance-pop
Lengd 3:42
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Tina Turner
Produsent Chris «C. J.» Mackintosh,
Dave Dorrell
Tina Turner-kronologi
«It Takes Two»
(1990)
Nutbush City Limits «Way of the World»
(1991)


Eit konsertopptak av «Nutbush City Limits» frå Break Every Rule-turneen til Tina Turner i 1986-1897 vart gjeven ut som den første singelen frå konsertalbumet Tina Live in Europe, men det var ei anna innspeling enn den versjonen som var med på konsertalbumet. Dette var den første singelen til Tina Turner som vart gjeven ut på CD-singel, som då var eit nytt format.

Både CD-singelen og 12"-singelen inneheldt ein nesten 11 minuttar lang utgåve av ZZ Top-songen «Legs» frå albumet deira Eliminator frå 1983, som ikkje var med på albumet Tina Live in Europe.

Remixar i 1991Endra

Turner spelte inn «Nutbush City Limits» i ein moderne dance-stil kalla «The 90s Version» for samlealbumet hennar Simply the Best i 1991. Singelen nådde 23. plassen på UK Singles Chart og nådde Topp 20 i fleire andre europeiske land. Ei anna utgåve, kalla «Nutbush City Limits ('91)», kom ut i lag med «The 90s Version».

  • «Nutbush City Limits (The 90s Version)» – 3:43
  • «Nutbush City Limits ('91)» – 4:16
  • «Nutbush City Limits (Nutbush City '91)» – 6:00
  • «A Little Bit o' Bush» – 5:01

Nyinnspeling i 1993Endra

I 1993 spelte Turner inn songen på nytt for filmen What's Love Got to Do with It.

ListerEndra

VekeslisterEndra

Liste (1973) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[5] 1
Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[6] 2
Irland (IRMA)[7] 18
Italia (Hit Parade Italia)[8] 5
Sveits (Schweizer Hitparade)[9] 2
UK Singles (Official Charts Company)[10] 4
US Billboard Hot 100[11] 22
US Hot R&B/Hip-Hop Songs (Billboard)[12] 11
Liste (1978) Plassering
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[13] 19
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[14] 12
Liste (1988) Plassering
Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[15] 45
Liste (1991) Plassering
Australia (ARIA)[16] 16
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[17] 25
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[18] 12
Europa (Europaan Hot 100 Singles)[19] 31
Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[20] 25
Irland (IRMA)[7] 12
Italia (Hit Parade Italia)[21] 11
Nederland (Dutch Top 40)[22] 11
New Zealand (RIANZ)[23] 26
Sveits (Schweizer Hitparade)[24] 12
UK Singles (Official Charts Company)[10] 23

ÅrslisterEndra

Liste (1973) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[25] 34
Liste (1974) Plassering
Austria (Ö3 Austria Top 40)[26] 8
Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[27] 21
Swiss Albums (Schweizer Hitparade)[28] 10
Italia (Hit Parade Italia)[29] 31
Liste (1978) Plassering
Nederland (Dutch Top 40)[30] 80
Liste (1991) Plassering
Australia (ARIA)[31] 86
Belgium (Ultratop 50 Flanders)[32] 99
Italia (Hit Parade Italia)[33] 58
Nederland (Single Top 100)[34] 95

Andre versjonarEndra

KjelderEndra

  1. Henry Epps. Great Achievements by Afrikan-American Women vol II. Lulu.com. s. 47–. ISBN 978-1-300-13855-6. 
  2. Zhito, Lee, red. (November 3, 1973). «Billboard Hot Soul Singles». Billboard (Los Angeles, CA: Billboard Publications) 85 (44): 30. ISSN 0006-2510. Henta April 13, 2013. 
  3. Lesley-Ann Jones. Ride a White Swan: The Lives and Death of Marc Bolan. s. 287-288. 
  4. Christian, Margena A. (October 2008). Monroe, Bryan, red. «The Last Days of Ike Turner». Ebony (Chicago, IL: Johnson Publishing) 63 (12): 94–100. ISSN 0012-9011. Henta 26. mars 2016. 
  5. "Ike & Tina Turner – Nutbush City Limits – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 26. mars 2016.
  6. «Tina Turner - Top Titel» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 26. mars 2016. 
  7. 7,0 7,1 "The Irish Charts – Search Results – Nutbush City Limits". Irish Singles Chart. Retrieved 26. mars 2016.
  8. «Indice per Interprete: T». Hit Parade Italia. Henta 26. mars 2016. 
  9. "Ike & Tina Turner – Nutbush City Limits – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta 26. mars 2016.
  10. 10,0 10,1 "Chart Stats – Tina Turner – Nutbush City Limits" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 26. mars 2016.
  11. "& Tina Turner?f=379&g=Singles Ike & Tina Turner Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Ike & Tina Turner. Prometheus Global Media. Henta 26. mars 2016.
  12. «Ike & Tina Turner Awards». AllMusic. Henta 26. mars 2016. 
  13. "Ultratop.be – Ike & Tina Turner – Nutbush City Limits" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 26. mars 2016.
  14. "Nederlandse Top 40 – week 35, 1978" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40. Henta 26. mars 2016.
  15. «Tina Turner - Top Titel» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 26. mars 2016. 
  16. "Australian-charts.com – Tina Turner – Nutbush City Limits". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien. Henta 26. mars 2016.
  17. "Tina Turner – Nutbush City Limits – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 26. mars 2016.
  18. "Ultratop.be – Tina Turner – Nutbush City Limits" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 26. mars 2016.
  19. «Hits of the World» (PDF). Billboard. Prometheus Global Media. October 26, 1991. Henta 26. mars 2016. 
  20. «Tina Turner - Top Titel» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 26. mars 2016. 
  21. «Indice per Interprete: T». Hit Parade Italia. Henta 26. mars 2016. 
  22. «Single Top 100 Van 1978» (PDF) (på Dutch). Stichting Nederlandse Top 40. Henta 26. mars 2016. 
  23. "Charts.org.nz – Tina Turner – Nutbush City Limits". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 26. mars 2016.
  24. "Tina Turner – Nutbush City Limits – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta 26. mars 2016.
  25. «Top Selling Singles for 1973». Sounds (London, England: Spotlight Publications): 4. 5 January 1974. 
  26. «Jahreshitparade Singles 1974» (på tysk). Hung Medien. Henta 26. mars 2016. 
  27. «Top 100 Single-Jahrescharts 1974» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 26. mars 2016. 
  28. «Swiss Year-end Charts 1974». Hung Medien. Henta 26. mars 2016. 
  29. «I singoli più venduti del 1974». Hit Parade Italia. Henta 26. mars 2016. 
  30. «Single Top 100 Van 1978» (PDF) (på Dutch). Stichting Nederlandse Top 40. Henta 26. mars 2016. 
  31. Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988-2010. Mt. Martha, VIC, Australia: Moonlight Publishing. 
  32. «Jaaroverzichten 1991» (på Dutch). Ultratop. Henta 26. mars 2016. 
  33. «I singoli più venduti del 1991». Hit Parade Italia. Henta 26. mars 2016. 
  34. «Jaaroverzichten - Single 1991» (på Dutch). Hung Medien. Henta 26. mars 2016. 

BakgrunnsstoffEndra