Margarin er ein type matfeitt laga av plantefeott eller ei blanding av plante- og dyrefeitt. Det kan brukast på same måte som smør, til å smøra på brødskiver og til matlaging som steiking og baking.[1] Margarin blei opphavleg laga av smult og talg, men i dag blir det først og fremst laga av planteoljer frå plantar som soya, raps, mais og anna vegetabilsk feitt.[2] Planteoljene blir herda ved hydrogenering som modifiserer feittsyrekjedene. Under trykk blir hydrogengass pressa inn i olja for å stabilisera henne.

Margarin

Feittinnhaldet i margarin varierer mellom 40 og 80 prosent avhengig av bruksområde. Feittet og vatnet i margarinen dannar ein emulsjon der vatnet er finfordelt i olja. Dei vegetabilske oljene bidreg til ein høg del umetta feitt.

Historie endre

Margarin blei funne opp i 1869 av den franske kjemikaren Hippolyte Mège-Mouriès. Dette skjedde etter at den franske keisaren Napoleon III tre år tidlegare utlyste ein konkurranse med ein større pengepremie til den som kunne finna opp eit alternativ til smør fr den veksande og underernærte folkesetnaden i byane. Frå byrjinga blei margarin laga av talg, oleomargarin, frå storfe som ein blanda med mjølk og deretter tilsette smak for å etterlikna smør. Namnet «margarin» er avleidd frå det greske ordet for perle, margaron.

Den første margarinfabrikken i Noreg blei grunnlagd i 1876 av brørne Eilert, Lauritz og Oluf Sundt og franskmannen Auguste Pellerin. Frå midten av 1880-talet, då patentet for margarinproduksjon blei frigjeve, blei det raskt etablert mange fleire margarinfabrikkar rundt om i landet.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Hovig, Ingrid Espelid (28. august 2019). «margarin». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Christopher Sjuve (8. november 2011). «Dette er forskjellen på smør og margarin». Dagbladet. Henta 16. mars 2017.