By- og regionplanlegging
By- og regionplanlegging er eit samleomgrep for planlegging i byar og tettstader og i større område. Omgrepet svarar til det engelske town and country planning.
Byplanlegging har lange tradisjonar med vekt på fysiske forhold, og kan særleg knytast til arkitekt- og ingeniørtradisjonane. I Noreg galdt planleggingsplikta berre for byane fram til bygningsloven av 1965, og byplan var den einaste plantypen. Regionplanlegging har som formål å sjå utviklinga i større område i samanheng, og gjeld i større grad samfunnsutviklinga enn berre fysisk planlegging. Omgrepet fekk formell status i Noreg med bygningsloven av 1965. Ein region skulle omfatte to eller fleire kommunar. Plantypen blei i 1973 erstatta av fylkesplan, og har med loven av 2008 fått nemninga regional plan.
Internasjonalt er regional planlegging vanleg, ikkje minst i dei fleste EU-land, og der gjerne i form av regionale utviklingsplanar (RUP) med vekt på næringsutvikling. Eit unntak er England, som i 2011–2012 avvikla regionane, som hadde vore verksame sidan 1994. Danmark, Finland, og til dels Sverige, har institusjonalisert regional utviklingsplanlegging, mens Noreg ikkje har formalisert ein særskild regional utviklingsplan.
By- og regionplanlegging bygger på tverrfaglig kompetanse innan blant anna planlegging, plan- og politiske prosessar, planleggingsteori, arkitektur, landskapsarkitektur, transport og vegplanlegging, universell utforming, økonomi, økologi, miljø, geografi, jus, GIS i planlegging og konsekvensutgreiingar.
I Noreg er alle fylke og kommunar pålagde å planlegge areal- og ressursbruk etter plan- og bygningsloven (PBL). Loven gjev eit system med ulike plantypar på statleg, fylkes- og kommunalt nivå. Regional plan inngår i dette systemet. All utbygging og mange slags tiltak må godkjennast politisk, og planlegging må bygge på fagkunnskap og politiske vurderingar. Planleggarar har rolla som dei fremste ekspertane i by- og regionutvikling.
By- og regionplanleggarane har tverrfagleg kompetanse som gjer dei i stand til å samarbeide på tvers av fagområde og med andre profesjonar som arkitektar, ingeniørar, samfunnsvitarar, juristar, geografar og andre.
Noreg har ikkje tradisjon for særskild utdanning av planleggarar slik som i mange andre land, for eksempel England og USA. Men dei seinare åra er det etablert mastergradstilbod i planlegging ved nokre universitet og høgskolar, blant anna Institutt for landskapsplanlegging ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) og Institutt for byforming og planlegging, (tidlegare Institutt for by- og regionplanlegging) ved Fakultet for arkitektur og billedkunst, NTNU.
Kjelder
endre- Fiskaa, H. (2012) Fysisk detaljplanlegging. Trondheim: Institutt for byforming og planlegging, NTNU. ISBN 978-82-7259-128-0
- Langdalen, E. (1994) Arealplanlegging. Form, funksjon, fellesskap. Oslo: Universitetsforlaget. ISBN: 82-00-21791-4 (e-bok frå bokhylla.no]
Bakgrunnsstoff
endre- Institutt for landskapsplanlegging ved Arkivert 2011-03-15 ved Wayback Machine. Norges miljø- og biovitenskapelige universitet Arkivert 2015-12-22 ved Wayback Machine. Besøkt 16. desember 2015
- Institutt for byforming og planlegging ved Fakultet for arkitektur og biletkunst, NTNU Besøkt 16. desember 2015
- Town and country planning, Engelsk Wikipedia Besøkt 16. desember 2015