Charlotte Amalie på Dei amerikanske Jomfruøyane

(Omdirigert frå Byen Charlotte Amalie)

Charlotte Amalie er hovudstaden i Dei amerikanske Jomfruøyane og ligg på øya Saint Thomas. Han hadde i 2004 eit innbyggjartal på 19 000. Byen er ein viktig hamneby og eit turistsenter. Av næringar finst handverk og tilverking av rom. Byen har ein synagoge frå 1833 og fleire kyrkjer, den eldste frå 1846.

Charlotte Amalie
by
Land  USA
Region Dei amerikanske Jomfruøyane
Areal 3,14 km²
Folketal 18 481  (2010)
Kart
Charlotte Amalie på Dei amerikanske Jomfruøyane
18°21′N 64°57′W / 18.35°N 64.95°W / 18.35; -64.95
Wikimedia Commons: Charlotte Amalie

Charlotte Amalie vart grunnlagd i 1672 som dansk koloni og vart oppkalla etter Charlotte Amalie av Danmark og Noreg. Han var ein del av Dansk Vestindia fram til 1917. Byen heitte Saint Thomas mellom 1921 og 1936.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre