Byen Neman

by i Russland

Neman (russisk Неман, tysk Ragnit, litauisk Ragainė, polsk Ragneta) er ein by i Kaliningrad oblast i Russland med om lag 12 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Neman, rundt 100 km nordaust for Kaliningrad.

Neman
Неман
Horisonten til Neman
Horisonten til Neman
Plassering
Byen Neman is located in Russland
Byen Neman is located in Kaliningrad oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Kaliningrad oblast
Grunnlagd 1277
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

12 196
Koordinatar 55°02′N 22°02′E / 55.033°N 22.033°E / 55.033; 22.033
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 238710
Retningsnummer (tlf) +7 40162
Nettstad: www.munic.neman.ru/
Ruinane av borga til Den tyske riddarordenen

Raganite (Ragainė) var opphavleg ein baltisk busetnad. Storhertugdømet Litauen gjorde krav på han sidan 1200-talet. I 1289 vart han erobra av Den tyske riddarordenen, som bygde ei gotisk borg der. Borga vart kalla Landeshütte, men namnet kom aldri i vanleg bruk og namnet Ragnit (etter den lokale elva) vart framleis nytta.

Etter den andre verdskrigen vart byen annektert av Sovjetunionen. Bynamnet vart endra til Neman og han vart ein del av Kaliningrad oblast i Russland. Den tyske folkesetnaden vart anten evakuert eller utvist og vart erstatta av russarar.

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre
  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.