Bygdaposten for Hjelmeland

Bygdaposten for Hjelmeland
Type: Lokalavis
Format: Tabloid
Språk:
Målform: Nynorsk
Lokalavis for: Hjelmeland kommune
Eigarskap: (31.12.2009) Strandbuen AS/Jæren Avis AS (100%)
Første trykk: juni 1973
Siste trykk: 24. desember 2009
Opplag:

1 858 (2009) 

Hovudkontor (31.12.2009): Sandetorjå,
4130 Hjelmeland
Trykkeri
(31.12.2009):
Hardanger Folkeblad,
Odda
Ansvarleg redaktør:(2006-2009) Dag Anton Boge
Pris i laussal (31.12.2009): 15,-
Nettavis:   www.bygdaposten.no Arkivert 2005-02-03 ved Wayback Machine.

Bygdaposten for Hjelmeland var ei lokalavis for Hjelmeland i Rogaland fylke. Avisa kom ut første gong i 1973 under namnet «Bygdaposten?». Spørjeteiknet i tittelen var tilsikta - folk i Hjelmeland fekk høve til å koma med andre forslag, men namnet vart Bygdaposten. Frå 1.1.2010 gjekk Bygdaposten inn i Strandbuen, og Strandbuen vart då lokalavis for kommunane Hjelmeland, Strand og Forsand.

Historie endre

I 1973 vart Bygdaposten starta som kommunal informasjonsavis av dei fire initiativtakarane Arne Kleppa, Christian Nedland, Jon Olav Sigmunstad og Rolf Aarsand. Dei fire grunnleggjarane fekk løyve av kommunestyret til å gje ut eit lokalblad, og lokalbladet vart godt teke imot av hjelmelandsbuen. Kleppa, Nedland, Sigmundstad og Aarsand utgjorde ei redaksjonsnemnd som gav ut to prøvenummer og eit ordinært nummer i 1973.
Året etter gjekk kommunestyret inn for å gje ut avisa på fast basis - med 10 utgåver i året. Redaksjonsnemnda meinte då at ein måtte tilsetja ein redaksjonssekretær til å ta seg av den daglege drifta, og i august 1974 tok Erik Fossåskaret til i stillinga som redaktør og redaksjonssekretær. Opp gjennom åra har det vore 12 redaktørar, og Mr. Bygdaposten - Ståle Eggebø - er med 11 års fartstid den som har vore lengst i redaktørstolen.
Sidan oppstarten har Bygdaposten utvikla seg frå ti utgåver i året til å koma ut kvar tredje veke - seinare annakvar veke - og frå nyttår 1989 kom avisa ut kvar fredag. Bemanninga har utvikla seg frå ein deltidstilsett redaktør i starten til 3,5 stillingar i 2009.
Bygdaposten var eine og åleine ått av Hjelmeland kommune, og det var kommunen som hadde utgjevaransvar. I 1993 vart Bygdaposten skilt ut som eige aksjeselskap, framleis med kommunen som einaste eigar. Hausten 1997 vurderte ein situasjonen slik at kommunen måtte selja minimum 51 prosent av aksjane sine, for å sikra Bygdaposten produksjonstilskot frå staten.
Frå 1997 og i åra framover kjøpte Strandbuen gradvis fleire av aksjane i Bygdaposten, og ved nyttår 2009 åtte Hjelmeland kommune 49 %, Strandbuen 46,5 % og lokale organisasjonar og privatpersonar 4,5 %. 17. juni 2009 sa Hjelmeland kommunestyre med 10 mot 8 røyster ja til å selja aksjeposten sin til Strandbuen, og i løpet av hausten 2009 løyste Strandbuen inn dei siste aksjane.
Bygdaposten kom med si siste utgjeving julaftan 2009. Etter samanslåinga med Strandbuen vart den nye lokalavisa for Ytre Ryfylke også kalla Strandbuen. Den første utgjevinga av den nye Strandbuen kom 6. januar 2010.

Opplagstal endre

Utvikling i nettoopplag.

År Nettoopplag

2004 2 030
2005 2 125
2006 1 870
2007 1 861

Redaktørar endre

Kjelder endre