Bygland kyrkjebygd

tettstad i Bygland kommune
(Omdirigert frå Bygland i Setesdal)

Bygland kyrkjebygd, eller Bygland, er ein tettstad og administrasjonssenteret i Bygland kommune i Agder fylke. Tettstaden ligg i Setesdalen ved utløpet av Kvålsåna, på austbreidda og nær den nørdre enden av Byglandsfjorden, og har 2 449 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Bygland
tettstad
Utsyn mot Bygland med grenda Jordalsbø i bakgrunnen.
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Bygland
Areal km²
Folketal 0  (2023)
Folketettleik Divisjon med null / km²
Postnummer 4745 BYGLAND
Innbyggjarnamn byglending
Preposisjon [1] Bygland
Kart
Bygland
58°49′43″N 7°47′46″E / 58.8285°N 7.7962°E / 58.8285; 7.7962

På Bygland ligg Bygland oppvekstsenter, Byglandshallen, KVS Bygland (privat vidaregåande skule), barne- og ungdomsskule, Bygland museum, Glashytta i Setesdal, Byglandsheimen (alders- og sjukeheim), Bygland folkebibliotek, bensinstasjon og butikkar.[2] Sentralt i bygda står Bygland kyrkje, ei krosskyrkje frå 1838.

Riksveg 9 (KristiansandHaukeligrend) passerer Bygland sentrum nede ved fjorden. Frå sentrum går Jordalsvegen austover til gardane Lidi, Jordalsbø og Skreland.

Kjelder endre

  1. «Fakta om kommunen». Bygland kommune. Henta 17. juni 2020. 
  2. «Om kommunen». Bygland kommune. Arkivert frå originalen 26. juli 2013. Henta 8. februar 2011.