Setesdal
Setesdal er ei nemning på dalføret langs Otravassdraget. Vassdraget har utspringet sitt lengst nord i Agder fylke.
Namnet Setesdal vart opphavleg brukt berre om dei to kommunane lengst nord i fylket, Bykle og Valle. Området sør for dette vart kalla Otrudal. I neste omgang forskauv grensa for Setesdal seg sørover til Bygland med Byglandsfjord. Ein brukte då omgrepa Øvre og Nedre Setesdal.
I dag reknast heile dalføret frå Bykle til og med kommunane Iveland og Evje og Hornnes til Setesdal. Meir enn 50 % av arealet i fylket høyrer til Setesdalskommunane.
Riksveg 9, Setesdalsvegen, går frå Kristiansand i sør, opp gjennom heile Setesdalen til han møter E134 ved Haukeligrend i Telemark i nord. Setesdalsbanen er jarnbanestrekninga mellom Kristiansand og Byglandsfjord i Setesdal. Strekninga var i ordinær drift mellom 1896 og 1962.
I den geistlege inndelinga av landet finst Otredal prosti som omfattar følgjande prestegjeld og sokn langs Otra: