Bygland kyrkjebygd
tettstad i Bygland kommune
Bygland kyrkjebygd, eller Bygland, er ein tettstad og administrasjonssenteret i Bygland kommune i Agder fylke. Tettstaden ligg i Setesdalen ved utløpet av Kvålsåna, på austbreidda og nær den nørdre enden av Byglandsfjorden, og har 2 337 innbyggjarar per 1. januar 2017.
Bygland | |||
tettstad | |||
Utsyn mot Bygland med grenda Jordalsbø i bakgrunnen.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommune | Bygland | ||
Areal | 0,47 km² | ||
Folketal | 242 (2017) | ||
Folketettleik | 515 / km² | ||
Postnummer | 4745 BYGLAND | ||
Innbyggjarnamn | byglending | ||
Preposisjon | på[1] Bygland | ||
![]() Bygland |
På Bygland ligg Bygland oppvekstsenter, Byglandshallen, KVS Bygland (privat vidaregåande skule), barne- og ungdomsskule, Bygland museum, Glashytta i Setesdal, Byglandsheimen (alders- og sjukeheim), Bygland folkebibliotek, bensinstasjon og butikkar.[2] Sentralt i bygda står Bygland kyrkje, ei krosskyrkje frå 1838.
Riksveg 9 (Kristiansand–Haukeligrend) passerer Bygland sentrum nede ved fjorden. Frå sentrum går Jordalsvegen austover til gardane Lidi, Jordalsbø og Skreland.
KjelderEndra
- ↑ «Fakta om kommunen». Bygland kommune. Henta 17. juni 2020.
- ↑ «Om kommunen». Bygland kommune. Arkivert frå originalen 26. juli 2013. Henta 8. februar 2011.