Bystryjkanalen
Bystryjkanalen (òg kalla Donau-Svartehavet-kanalen, ukrainsk Канал Дунай — Чорне море, rumensk: Canalul Bâstroe) er ein kanal i Donaudeltaet. Han var ein av dei viktigaste ukrainske vassvegane fram til 1959, då han mudra til og transporten stoppa opp.[1]
Det har vore snakk om å opne opp kanalen att for transport. Planen var å lage ei ny rute frå Donanu til Svartehavet med redusert skipskostnader og ein alternativ veg til Romania. Økologar var derimot uroa over kva dette ville gjere med økosystemet i Donaudeltaet.[2] Sidan det meste av Donaudeltaet ligg i Romania, har rumenske styresmakter snakka om å byggje ein 20 km lang kanal som ville ha teke unna det meset av vatnet frå den ukrainske delen av deltaet, slik at kanalen ikkje ville ha kunne nyttast.[3]
Donaudeltaet har vore ein verdsarvstad sidan 1991 og Den europeiske unionen har ofte bede Ukraina om å stoppe prosjektet, og det same har Romania og USA. Worldwide Fund for Nature har sagt at kanalen trugar det viktigaste våtmarksområdet i deltaet, der 70 % av kvitpelikanen og 50 % av dvergskarven i verda lever.
Ukrainske styresmakter sette i gang prosjektet offisielt 26. august 2004 og rumenske styresmakter annonserte planar om å ta saka til den internasjonale domstolen. I mai 2005 møttest deltakarane i Aarhuskonvensjonen og vart samde om politiske sanksjonar mot Ukraina. Ukraina melde at prosjektet foreløpig var stoppa i juni 2005, men planane er framleis aktive.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bystroye Channel» frå Wikipedia på engelsk, den 8. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bystroye Canal (Documentary research)[daud lenkje]
- ↑ (rumensk) "Canalul Bastroe - o posibila catastrofa ecologica?" ("The Bastroe Channel: a possible ecological catastrophe?", originally posted June 29, 2004 on www.vinatorul.ro available as an archive, archived November 1, 2004 on the Internet Archive.
- ↑ Romania to Build Counter-Canal in Donau’s Delta, arkivert frå originalen 11. september 2004, henta 8. september 2012
Bakgrunnsstoff
endre- The Bystroye Canal in the ukrainsk Donau Delta – Questions and Answers[daud lenkje] (PDF) - criticism by the World Wildlife Fund (WWF).
- - www.bystroe.3x.ro Arkivert 2021-02-11 ved Wayback Machine. - The only nettstad that presents the whole issue from the early beginnings until the present with tons of maps, pictures, articles, ideas, plans and alternative proposals