World Wide Fund for Nature
World Wide Fund for Nature (WWF, fram til 1986 World Wildlife Fund) er ein stor internasjonal naturvernorganisasjon som vart grunnlagt av biologen Julian Huxley og ornitologen Peter Scott i 1961. Organisasjonen sitt varemerke er ein pandabjørn.
World Wide Fund for Nature | |||
| |||
Type | ikkje-statleg organisasjon | ||
---|---|---|---|
Skipa | 29. april 1961 | ||
Hovudkontor | Gland | ||
Leiar | Adil Najam | ||
Verkeområde | internasjonal | ||
Tilsette | 12 000 (2023) | ||
Nettstad | https://wwf.org/ |
Formål
endreHovudmålet til organisasjonen var opphavleg å verne truga artar og tilhøyrande habitat, men med åra har dette vorte utvida til å omfatte naturvern på eit generelt plan. I dag blir WWF rekna for å vere den største og viktigaste naturvernorganisasjon i verda.
Hovudoppgåver
endre- Verne mangfaldet blant artar og økosystem
- Sikre berekraftig bruk av naturressursar
- Kjempe mot forureining og overforbruk av ressursar og energi
WWF International
endreOrganisasjonen har omkring 5 millionar medlemmar og 4000 tilsette globalt. WWF er representert med lokale organisasjonar i meir enn 30 land, mellom anna Noreg. I tillegg er staben engasjert i feltarbeid i meir enn 100 land. Hovudkontoret ligg i Gland i Sveits.
WWF organiserer arbeidet i seks hovudområde: Artar, ferskvatn, giftige kjemikaliar, klimaendringar, kyst, hav og skog.
I dag engasjerer WWF seg òg politisk, finansielt og innan utdanning, for å nå målsettingane sine om bevaring og naturvern. I så måte er organisasjonen òg kjent for å ha teke i bruk sivil ulydigheit for å syne synspunkta sine.
Nasjonale samskipnader
endreWWF-Noreg
endreWorld Wide Fund for Nature Noreg (WWF-Noreg) vart grunnlagt i 1970 med Kong Harald V (som då var kronprins) som president. I Noreg var organisasjonen tidlegare kjent under namnet Verdas villmarksfond. Den norske avdelinga hadde ca 4000 medlemmar og 15 tilsette i 2005. I 2007 var det 7000 medlemmar og 30 tilsette. Hovudkontoret i Noreg ligg i Oslo.
Generalsekretærar
endreKjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2023) |