Cécile Chaminade

fransk komponist og pianist

Cécile Louise Stéphanie Chaminade (8. august 185713. april 1944) var ein fransk komposer og pianist.[1] I 1913 blei ho tildelt Æreslegionen som den fyrste kvinnelege komponisten.

Cécile Chaminade
Cécile Chaminade 1910.jpg
Cécile Chaminade i 1910
Fødd8. august 1857
FødestadParis, Quartier des Batignolles
Død13. april 1944 (86 år)
DødsstadMonte Carlo
OpphavFrankrike
Sjangeropera, klassisk musikk
Instrumentpiano
Verka sompianist, komponist, musikar
PrisarRidder av Æreslegionen, officier d'Académie

LivEndra

 
Cécile Chaminade ved pianoet i 1890.

Cécile Chaminade var fødd i Paris, og fekk fyrst musikkopplæring av mor si. Seinare lærte ho piano av Félix Le Couppey og Marie Gabriel Augustin Savard, fiolin av Martin Pierre Marsick og komposisjon av Benjamin Godard, men ikkje offisielt ettersom far hennar ikkje støtta ei musikalsk utdanning for henne.[2][3] Ho byrja å komponera svært tidleg, og då ho var åtte spelte ho noko av musikken sin for Georges Bizet, som var imponert av talentet hennar. Ho gav sin fyrste konsert då ho var atten, og frå denne tida fekk verka hennar stadig meir velsette. Chaminade skreiv hovudsakleg stykke for piano og salongsongar, og dei aller fleste blei gjevne ut.[1] Isidor Philipp, leiaren for pianoavdelinga ved konservatoriet i Paris, fremja verka hennar.

I desse tidlege åra turnerte ho fleire gonger i Frankrike. I 1892 debuterte ho i England, der verka hennar var særs populære.[2] Ho vende tilbake til England på 1890-talet og opptredde med songarar som Blanche Marchesi og Pol Plançon, men denne aktiviteten gjekk tilbake etter 1899 og dårlege kritikkar.[3]

Chaminade gifta seg med ein musikkutgjevar frå Marseilles, Louis-Mathieu Carbonel, i 1901. Han var mykje eldre, og ekteskapet deira blei sagt å vera eit fornuftsekteskap. Carbonel døydde i 1907, og Chaminade gifta seg ikkje opp att.[3]

 
Chaminade skissert i St. Louis av Marguerite Martyn i november 1908

I 1908 vitja Cécile Chaminade USA, der ho fekk ein hjarteleg velkomst.[1] Komposisjonane hennar va storfavorittar hjå det amerikanske publikummet, og stykke som «Scarf Dance» og «Ballet No. 1» var utbreidde i samlingane til samtidige heimepianistar. Ho skreiv eit Konzertstück for piano og orkester, ballettmusikk til Callirhoé og andre orkesterverk. Songane hennar, som The Silver Ring og Ritournelle, var også store favorittar. Ambroise Thomas sa ein gong om Chaminade at «Dette er ikkje ei kvinne som komponerer, men ein komponist som er ei kvinne.»[4] I 1913 blei ho tildelt Æreslegionen som den fyrste kvinnelege komponisten.[2][3]

Concertino Op. 107 framført av Alex Murray (fløyte) og Martha Goldstein (piano)

I London i november 1901 spelte ho inn sju av sine eigne stykke på grammofon for Gramophone and Typewriter Company. Dei opphavlege innspelingane er samleobjekt, men dei er også blitt gjevne ut att på cd.[3] Før og etter fyrste verdskrigen spelte Chaminade inn mange pianorullar, men etterkvart som ho blei eldre komponerte ho mindre og mindre. Ho døydde i Monte Carlo den 13. april 1944.

Chaminade blei stort sett gløymd i andre halvdelen av 1900-talet. Hennar Fløytekonsertino i D-dur, Op. 107, skriven i 1902 for Paris Conservatoire Concours, er blitt det mest populære stykket hennar i dag.[1]

Systera til Chaminade var gift med Moritz Moszkowski, som også var ein kjend komponist og pianist.

Verk i utvalEndra

  • Op. 11 Pianotrio No. 1 i G-moll (1880)
  • Op. 19 La Sévillane, komisk opera (1882)
  • Op. 20 Suite d’Orchestre (1881)
  • Op. 21 Pianosonate i C-moll(1893)
  • Op. 26 Symphonie Dramatique 'Les Amazones' (1884)
  • Op. 34 Pianotrio No. 2 i A-moll (1886)
  • Op. 35 Six Études de Concert (Enoch) (1886)
  • Op. 37 Callirhoë. Ballet symphonique (1888)
  • Op. 40 Concertstück i Ciss-moll for piano og orkester (1888)
  • Op. 89 Thème varié (1898)
 
Lolita (Caprice espagnol) Op. 54
  • Op. 107 Concertino for fløyte og orkester i D-dur (1902)
  • Op. 117 Duo Symphonique for 2 piano (1905)
  • Op. 120 Variations sur un Thème original (1906)

SongarEndra

  • Chanson slave (1890)
  • Les rêves (1891)
  • Te souviens-tu? (1878)
  • Auprès de ma mie (1888)
  • Voisinage (1888)
  • Nice la belle (1889)
  • Rosemonde (1878)
  • L'anneau d’argent (1891)
  • Plaintes d’amour (1891)
  • Viens, mon bien-aimé (1892)
  • L'Amour captif (1893)
  • Ma première lettre (1893)
  • Malgré nous (1893)
  • Si j’étais jardinier (1893)
  • L'Été (1894)
  • Mignonne (1894)
  • Sombrero (1894)
  • Villanelle (1894)
  • Espoir (1895)
  • Ronde d’amour (1895)
  • Chanson triste (1898)
  • Mots d’amour (1898)
  • Alléluia (1901)
  • Écrin (1902)
  • Bonne humeur! (1903)
  • Menuet (1904)
  • La lune paresseuse (1905)
  • Je voudrais (1912)
  • Attente (Au pays de provence) (1914)

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Ambache, Diana. «Cecile Chaminade». Women of Note. Henta 26. februar 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Cécile Chaminade». Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica. Henta 26. februar 2014. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Summers, Jonathan. «CECILE CHAMINADE». NAXOS. NAXos. Henta 26. februar 2014. 
  4. The Etude Arkivert 2013-10-21 ved Wayback Machine.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Cécile Chaminade