Cabinda-provinsen

Cabinda-provinsen er ein angolansk eksklave ved Kongo-elva i Vest-Afrika, med grense til Republikken Kongo i nord og Den demokratiske republikken Kongo (tidlegare kjend som Zaïre) i sør. Eksklaven, som blei overført til Angola (som då var portugisisk koloni) frå dåverande Belgisk Kongo i 1886, er skilt frå hovudlandet i sør av elva Kongo, og av ein snautt fire mil brei korridor som gjev Den demokratiske republikken Kongo tilgang til havet. Statusen som angolansk provins er omstridd, og sjølv om den angolanske borgarkrigen blei avslutta i 2002, heldt kamphandlingar fram i Cabinda. Lokale grupper ønsker å oppnå ein sjølvstendig republikk.

Cabinda-provinsen
provins
Land  Angola
Areal 7 270,0 km²
Folketal 716 076 (2014)[1]
Kart
Cabinda-provinsen
4°56′03″S 12°24′19″E / 4.9341666666667°S 12.405277777778°E / -4.9341666666667; 12.405277777778
Wikimedia Commons: Cabinda
Kart over Cabinda frå 1977
██ Cabinda██ Republikken Kongo██ Den demokratiske republikken Kongo██ Resten av Angola

Det moderne Cabinda blei danna av dei tre kongedømma N'Goyo, Loango og Kacongo. Det er eit lite område på 7 283 km², litt mindre enn Rogaland fylke i Noreg, og har eit folketal på 716 000.[2] Provinshovudstaden Cabinda har 550 000 innbyggarar.[3] Om lag ein tredel av cabindarane er flyktningar i Den demokratiske republikken Kongo. Provinsen er delt inn i kommunane Belize, Buco Zau, hovudstaden Cabinda og Cacongo.

Provinsen har stor produksjon av råolje, og har derfor ein sterk økonomi.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://citypopulation.de/en/angola/admin/01__cabinda/; vitjingsdato: 19. mai 2021.
  2. Orre, Aslak (22. august 2023). «Cabinda». Store norske leksikon (på norsk). 
  3. Citypopulation.de Population of the major cities in Angola