Caenorhabditis elegans
Caenorhabditis elegans er ein gjennomsiktig 1–2 millimeter lang rundmakk. Han finst i ròtnande frukter og stenglar og er ein viktig modellorganisme.[1][2]
Caenorhabditis elegans | |
Caenorhabditis elegans | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Rundormar Nematoda |
Klasse: | Chromadorea |
Underklasse: | Chromadoria |
Orden: | Rhabditida |
Familie: | Rhabditidae |
Slekt: | Caenorhabditis |
Art: | C. elegans |
Vitskapleg namn | |
Caenorhabditis elegans |
Oppbygging
endreEit vakse individ har kring 1 000 seller, og dette talet er konstant; vaksne individ veks berre ved at sellene vert større.[2][3]
C. elegans har to kjønnskategoriar: tvikjønn og hankjønn. Tvikjønna makkar kan fræva seg sjølve, medan hannmakkar berre kan fræva tvikjønna makkar.[4]
Meltesystemet til C. elegans har 20 epitelseller som liknar på dei ein finn hjå menneske. C. elegans har ikkje immunseller.[2]
Det ytre laget av C. elegans vert laga og skilt ut av 12 seller med til saman 157 sellekjernar.[3] Langs sidene av vaksne C. elegans-individ går det òg to band kalla alae, skilte ut av samansmelta saumseller.[5]
Nervesystemet til C. elegans er det mest komplekse vevet i organismen. Hjå tvikjønna makkar utgjer det kring 37% av alle kroppssellene. Tvikjønna makkar har 302 nerveseller fordelte på 118 ulike typar og 56 gliaseller. Hannar har 385 nerveseller og soleis fleire enn tvikjønna. Dei fleste ekstra nervesellene hjå hannane sit i halen. Hannane har åtferd knytt til øksling som tvikjønna ikkje har, og eit par ekstra nerveseller i hovudet er knytt til slik åtferd.[6][7]
Modellorganisme
endreC. elegans er og har vore ein viktig modellorganisme og mange oppdagingar vart gjorde med C. elegans som modell.[2] Mellom anna vart mikro-RNA oppdaga i C. elegans i 1993.[8]
Genom
endreEi sekvensering av genomet til C. elegans på kring 97 megabasepar vart publisert i 1998 og gjorde C. elegans til den fyrste fleirsella organismen som fekk genomet sitt sekvensert. Sekvenseringa fann meir enn 19 000 gen.[9]
C. elegans har fem autosom og eitt kjønnskromosom (kromosom X).[9]
Kjelder
endre- ↑ Félix, Marie-Anne; Braendle, Christian (2010). «The natural history of Caenorhabditis elegans». Current Biology 20 (22): R965. PMID 21093785. doi:10.1016/j.cub.2010.09.050.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Balla, Keir M; Troemel, Emily R (2013). «Caenorhabditis elegansas a model for intracellular pathogen infection». Cellular Microbiology 15 (8): 1313. PMID 23617769. doi:10.1111/cmi.12152.
- ↑ 3,0 3,1 Tuck, Simon (2014). «The control of cell growth and body size in Caenorhabditis elegans». Experimental Cell Research 321 (1): 71–6. PMID 24262077. doi:10.1016/j.yexcr.2013.11.007.
- ↑ Sammut, Michele; Cook, Steven J; Nguyen, Ken C. Q; Felton, Terry; Hall, David H; Emmons, Scott W; Poole, Richard J; Barrios, Arantza (2015). «Glia-derived neurons are required for sex-specific learning in C. Elegans». Nature 526 (7573): 385. Bibcode:2015Natur.526..385S. PMID 26469050. doi:10.1038/nature15700.
- ↑ Gorrepati, Lakshmi; Krause, Michael W; Chen, Weiping; Brodigan, Thomas M; Correa-Mendez, Margarita; Eisenmann, David M (2015). «Identification of Wnt Pathway Target Genes Regulating the Division and Differentiation of Larval Seam Cells and Vulval Precursor Cells in Caenorhabditis elegans». G3: Genes|Genomes|Genetics 5 (8): 1551. doi:10.1534/g3.115.017715.
- ↑ Hobert, Oliver (2010). «Neurogenesis in the nematode Caenorhabditis elegans». Worm Book. doi:10.1895/wormbook.1.12.2.
- ↑ «The worm returns». Nature 526 (7573): 294. 2015. Bibcode:2015Natur.526..294.. PMID 26469004. doi:10.1038/526294a.
- ↑ Lima, Sarah Azoubel; Pasquinelli, Amy E (2014). «Identification of miRNAs and Their Targets in C. elegans». Systems Biology of RNA Binding Proteins. Advances in Experimental Medicine and Biology 825. s. 431. ISBN 978-1-4939-1220-9. doi:10.1007/978-1-4939-1221-6_12.
- ↑ 9,0 9,1 The C. elegans Sequencing Consortium (1998). «Genome Sequence of the Nematode C. Elegans: A Platform for Investigating Biology». Science 282 (5396): 2012–8. PMID 9851916. doi:10.1126/science.282.5396.2012.