Caldey Island (walisisk Ynys Bŷr) er ei øy sør for Tenby i Pembrokeshire i Wales. Ho har vore ei heilag øy i Storbritannia sidan tidleg keltisk kristendom.[1]

Caldey Island
Lokalt namn Ynys Bŷr
Geografi
Caldey Island is located in
Caldey Island ()
Stad Det keltiske havet
Koordinatar 51°38′N 4°41′W / 51.64°N 4.69°W / 51.64; -4.69

Administrasjon
Land Wales
Grevskap Pembrokeshire

Klosteret på Caldey.

Det ligg ein liten landsby på øya, men ho er best kjend for klosteret som ligg her. Mellom Caldey Island og fastlandet ligg Caldeysundet, som er 1-2 km breitt. Det går ferje over sundet til Tenby om våren og sommaren.

På 1800-talet vart det brote kalkstein på øya, som vart frakta til lokale tørkeomnar.

Det vart grunnlagd eit keltisk kloster på øya på 500-talet og eit benediktinarkloster var her frå 1136 fram til oppløysinga av dei britiske klostera i 1536. Ein anglikansk benediktinarorden kom hit i 1906 og bygde det noverande klosteret. Dei vart innlemma i den katolske kyrkja i 1913, men reiste frå øya i 1925 på grunn av økonomiske vanskar. Frå 1929 og fram til i dag har cisterciensarar med røter i Belgia halde til i klosteret. Det står òg eit normannisk kapell frå 1100-talet på øya, ein oghamkross frå 500-talet og eit fyr frå 1828.

Namnet på øya kjem frå det norrøne Keld-Eye, som tyder «Kald øy». Det walisiske namnet «Ynys Bŷr» viser til abbeden Pyr, som styrte klosteret her på 500-talet.[2]

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. «Caldey Island». Caldey Island.co.uk. Henta 5 May 2013. 
  2. Royal Commission on the Ancient and Historical Monuments of Wales (1925, repr. 1977). An Inventory of the Ancient Monuments of Wales and Monmouthshire: VII - County of Pembroke. HMSO. OCLC 220312341.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.

    • Engelsk Wikipedia oppgav desse kjeldene:
  • Royal Commission on the Ancient and Historical Monuments of Wales (1925, repr. 1977). An Inventory of the Ancient Monuments of Wales and Monmouthshire: VII - County of Pembroke. HMSO. OCLC 220312341.