Opna hovudmenyen
Sanden som calima fører med seg er tydeleg på dette satellittbilete

Calima er ein vêrsituasjon med tørr og varm luft som bles frå vestover frå Sahara og ut i Atlanterhavet til mellom anna Kanariøyane. Dette kan vare frå nokre timar til fleire dagar. Vinden fører med seg fint sandstøv frå Sahara og kan gi særs høge temperaturar på Kanariøyane, i tillegg til nedsett sikt. Støvet legg seg gjerne på alle flater. Støvet kan stundom førast høgt til vêrs og frakast over havet til Nord-Amerika. Stundom er støvet synleg på satellittbilete.

Calima oppstår når det subtropiske høgtrykket ligg ganske langt nord, og ein har lågtrykk sør for Kanariøyane. Lufta mellom trykksystema vert då «pumpa» vestover. Når lågtrykka i staden går inn i Middelhavet vil den sørlege, støvførande vinden, verte kalla sjirokko.

Monte Lentiscal
Monte Lentiscal under calima

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Calima