Sjirokko (også kalla sirocco[1], scirocco[1] og stundom jugo eller siroc) er ein vind i Middelhavet som kjem frå Sahara og kan nå orkan styrke i Nord-Afrika og Sør-Europa. I Nord-Afrika er han kjend med det arabiske ordet qibli (قبلی som tyder «kjem frå qibla».)

Ein sjirokko frå Libya blæs støv over Middelhavet, Malta, Italia og Hellas.

Opphavet til namnet endre

Scirocco og sirocco er italienske namn som kjem frå det greske namnet σιρόκος (sirokos), medan jugo er namnet på vinden i Kroatia, Montenegro og Slovenia, og ghibli i Libya. Sjirokko-vinden når særlege område av Frankrike og inneheld her meir fukt. Her vert vinden kalla marin. På Kanariøyane vert han kalla La Kalima og her er vinden trykkande og varm og fører med seg støv. Namnet på sjirokko sørvest i Spania er leveche, og xalockatalansk. Leveche fører vanlegvis med seg raud Saharasand og er knytt til uvêr og kraftig regn. Vinden er særs kraftig og varer om lag fire dagar. På Malta vert vinden kalla xlokk.[2]

Utvikling endre

Sjirokko oppstår frå varme, tørre og tropiske luftmassar som vert ført nordover atv lågtrykksceller som flyttar seg austover i Middelhavet med vind som startar i dei arabiske ørkenane eller i Sahara.[3] Den varmare, tørrare kontinentallufta blandar seg med den kjøligare og fuktigare havlufta i lågtrykket og sirkulasjonen mot klokka rundt lågtrykket fører denne blandingslufta til sørkysten av Europa.

Påverknad endre

Sjirokko fører til støvete og tørre tilhøve langs nordkysten av Afrika, uvêr i Middelhavet og kalde, våte dagar i Europa. Sjirokko kan vare alt frå ein halv dag til mange dagar. Mange folk får problem med helsa under sjirokkovinden, anten på grunn av varmen og støvet langs kysten av Afrika, eller det kjølige og fuktige vêret i Europa. Støvet som sjirokkovinden fører med seg kan øydelegge mekanisk utstyr og trengje inn i hus.

Vindstyrkar på nesten 100 km/t (27-27 m/s, full storm) er mest vanleg om hausten og om våren. Dei når ein topp i mars og i november, samstundes med at det er særs varmt.

Liknande vindar endre

Det finst andre dominerande vindsystem i regionen som bora/bura/burja (nordvestleg) og llebeig/lebeccio/lebić (sørvestleg).

Galleri endre

Sjå òg endre

Vindar i Middelhavet

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Sirocco på met.no, arkivert frå originalen 18. mai 2008, henta 6. februar 2009 
  2. Encyclopaedia Britannica. Scirocco/xlokk
  3. Golden Gate Weather Services. Namn på vindar.

Bakgrunnsstoff endre