59°54′57.560″N 10°45′12.762″E / 59.91598889°N 10.75354500°E / 59.91598889; 10.75354500

Calmeyers gate
Calmeyers gate 15 i 2010. Framfor inngangsdøra er det sett ned 19 snublesteinar til minne om dei jødiske leigebuarane som vart deporterte og drepne under andre verdskrigen. Tilgang til Jødisk Museum i bakgarden gjennom smijarnsporten til høgre på bygningen.
Calmeyergatens Misjonshus fotografert i 1957.
Foto: Ørnelund, Leif/Oslo Museum

Calmeyers gate er ei om lag 350 meter lang gate i sentrum av Oslo, i bydel St. Hanshaugen, som går i nordausteleg lei frå Youngs gate, forbi sørenden av Arbeidersamfunnets plass til Hausmanns gate. Gata fekk namnet i 1852 etter legatskiparen og kjøpmannen Mathias Calmeyer (1741-1801). Opphavleg gjekk gata berre mellom Hausmanns gate og dåverande Henrik Ibsens gate, som no heiter Hammersborggata og avgrensar Arbeidersamfunnets plass i vest. Men i år 2000 vart gata lengd sørvestover til Youngs gate i samband med at det vart bygd ei ny kontorblokk i området.

Gata har på sett og vis sett spor etter seg i både byens og Noregs soge på godt og vondt. I kvartalet mot Calmeyers gate og Bernt Ankers gate, i Calmeyers gate 1, låg i si tid Calmeyergatens Misjonshus, ein nygotisk bygning reist i 1891 etter initiativ av handelsskulestyrar Otto Treider, bygd for evangeliske møte. Her låg landets største forsamlingslokale, der predikanten Albert Lunde (1877-1939) hadde sine møte for fulle hus for å vekke folk til trua i samsvar med den «heilagdomsrørsla» han stod for, og her samla Christian Michelsen meir enn 5000 tilhøyrarar under unionsstriden med Sverige i 1905. Her gjekk òg det såkalla Calmeyergatemøtet føre seg i februar 1920, då motstridande fraksjonar i det norske kyrkjelege miljøet, med Ole Hallesby, Edvard Sverdrup, Johan Martin Wisløff og Ludvig Hope som dei tonegjevande, møtte kvarandre til konfrontasjon om den kristne læra. Dessutan vart salen i fleirfaldige år nytta som konsertlokale der solistar av verdsklasse var å høyre, mellom anna Jussi Björling i 1947. Men i 1950-åra vart huset degradert til lagerbygning, og rive i 1971. Kirkens Bymisjon bygde på tomta i 1986-1987, og her har no Statens helsetilsyn sine kontorlokale.

Calmeyers gate 15 og bakgarden, Calmeyers gate 15b, var eit jødisk sentrum i si tid. Mange jødar som innvandra frå Aust-Europa etter at den såkalla jødeparagrafen i Grunnlova vart sletta i 1851, hadde slege seg ned i dette stroket av byen og på Nedre Grünerløkka i nærleiken. I Calmeyers gate 15, ein bygning i fire høgder frå andre halvparten av 1800-talet, var det 28 jødiske leigebuarar ved byrjinga av andre verdskrigen, fram til deportasjonane hausten 1942. Av dei vart 19 arresterte av norsk sivilt politi, tvangssende til Tyskland og drepne i Auschwitz. Bakgarden, nummer 15b, vart reist i 1919-1920 som synagoge, vigsla i 1921, stengd av den tyske okkupasjonsmakta i 1942. Som vanleg var hovudrommet i synagogen reservert for menn, der det var plass til 200, og på galleriet for kvinner var det plass til 100. Etter krigen var det ikkje ynske om å take bygningen i bruk som synagoge att, og han vart nytta til kontor og lager. I 1981 vart bygningen selt. Her har no Jødisk Museum i Oslo leigd seg inn, og har det gamle synagogelokalet som utstillingslokale.

Utlendingsdirektoratet, som tek seg av innvandrings- og flyktningesaker mellom anna, har sine kontor i hjørnebygningen mot Hausmanns gate, med adressa Hausmanns gate 21.

Ein liten rest av muren ikring arbeids- og straffeinstitusjonen Tugt- og Manufacturhuset som vart bygd i Storgata i 1737 -1740, rive i 1938, er å sjå i enden av Calmeyers gate i nærleiken av krysset med Yongs gate, sørvest for Hammersborggata.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Calmeyers gate