Caloplaca

soppslekt

Caloplaca er ei slekt av lav[1] som er utbreidd over heile verda. Mange av artane er gule eller oransje på farge, og kan ha namn som firedot lichen,[2]:235 jewel lichen,[2]:235 gold lichens eller orange lichens.[3][4] Det finst likevel unntak, som den gråe eller grøne C. albovariegata.[5]

Caloplaca
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Rekkje: Sekksporesoppar Ascomycota
Underrekkje: Ekte sekksporesoppar Pezizomycotina
Klasse: Lecanoromycetes
Underklasse: Lecanoromycetidae
Orden: Teloschistales
Familie: Teloschistaceae
Slekt: Caloplaca
Th.Fr., 1860

Lavslekta finst over heile verda, frå Antarktis[6] til Arktis.[7] Rundt tretti artar frå Caloplaca veks på Dei britiske øyane.[8] Eit artsdøme frå denne gruppa er Caloplaca saxicola, ein lav som finst over heile verda frå det antarktiske kontinentet til Europa og nordlege Nord-Amerika, inkludert nordlege delar av den kanadiske taigaen.

I 2007 blei det oppdaga ein ny art av Caloplaca, C. obamae, som blei den fyrste arten til å kallast opp etter president Barack Obama. Arten blei oppdaga på Santa Rosa Island i California, og skildringa blei gjeven ut i mars 2009.[9]

Galleri

endre

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. Brodo, Irwin M.; Sharnoff, Sylvia Duran; Sharnoff, Stephen; Laurie-Bourque, Susan (2001). Lichens of North America (1st utg.). Yale University Press. ISBN 978-0-300-08249-4. 
  2. 2,0 2,1 Field Guide to California Lichens, Stephen Sharnoff, Yale University Press, 2014, ISBN 978-0-300-19500-2
  3. USDA Natural Resources Conservation Service Name Search
  4. Orange Lichen (Caloplaca), Encyclopedia of Life
  5. Plants Profile for Caloplaca (orange lichen), USDA
  6. Olech, M. (1993). «Four new species of Caloplaca from Antarctica». The Lichenologist 25 (3): 261–269. doi:10.1006/lich.1993.1030. 
  7. Søchting, U.; Olech‡, M. (2007). «The Lichen Genus Caloplaca in Polar Regions». The Lichenologist 27 (6): 463. doi:10.1017/S0024282995000594. 
  8. Dobson, F.S. (2000). Lichens, an illustrated guide to the British and Irish species (4th utg.). Slough, England: Richmond. ISBN 978-0-85546-315-1. 
  9. «New Species Of Lichen Named After President Barack Obama». ScienceDaily. 16. april 2009. Henta 16. april 2009. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Caloplaca