Caltagirone
Caltagirone er ein by og ein kommune i provinsen Catania i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har om lag 39 000 ibuarar med ei flatevidd på 382 km². Byen Caltagirone ligg 608 meter over havet, 70 km sørvest for provinshovudstaden Catania.
Byen har i lang tid vore kjend for sin produksjon av keramikk, særleg majolica- og terrakotta-varer. I dag er produksjonen i større grad vend mot framstilling av skulpturar i keramikk og terrakotta. Næringslivet elles er basert på landbruk; dyrking av druer, oliven og fersken.
Byen vart nesten fullstendig lagd i ruinar under Sicilia-jordskjelvet i 1693. Mange offentlege og private bygningar vart sidan bygd i ein einskapleg barokkstil. Det er hovudgrunnen til at byen, saman med fleire byar i Val di Noto vart teke med på UNESCO si verdsarvliste i 2002.
Caltagirone er kjend som fødestaden til Luigi Sturzo, grunnleggaren av Partito Popolare Italiano, det seinare Democrazia Cristiana.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Caltagirone» frå Wikipedia på engelsk, den 20. august 2014.